Bratt moro
  Søk
fjellsportfestivalen
 
fjellsportfestivalen
 


Startside  »  Familie fjellsportfestivalen
Fjellsportfestivalen er familiehygge
Fjellsportfestivalen skal vera moro for alle, frå dei aller yngste til dei som har samla mange år på rumpebrettet.
 
Her skal tøffe mor, mjuke far, vesle Kari og litt større Ola finna noko som passar. Heile familien skal ha det moro under Fjellsportfestivalen.
 
Dei fleste aktivitetane våre passar for alle, og dei leikane som er litt for bratte, litt for høge eller litt for harde, prøver me å laga miniversjonar av.
 
Kanskje det store hoppet vårt (Big Jump'en) vert i største laget for dei fleste av oss, men då skal du vita at i barneleikområdet og andre stader i bakken finst det hopp der du kan testa ut dine eigne grenser.
Sameleis skal me ha railar og rekkverk dei fleste kan greia å sløva stålkantane sine på.
 
Og på Festivalcampen vår kan me garantera det same: Her skal alle kunna klatra, alle skal få buldra, hoppa på trampoline, gjera puddergym og ha det moro!
Skriv ut  



                         

  

     

 

Idrettssenteret | AH Bygg | Vestlandshus | Bjørklund | Adecco | Fredheim Maskin | Eirik og Odd Nornes