|
På Laurdag var det duka for luftige svev og spenstig akrobatikk. "Olav Liheim utan ballar" konkuransen sto høgst på agendaen for Hodlekve denne dagen. Konkuransen som hadde fått Norgescup status hadde frista nokon av norges beste jibbarar til Hodlekve for å delta. Etter at kvalikken var ferdig vart jibbarane delt opp i to ulike klassar, nemleg Senior og Junior. I juniorklassen var det dei som var under 16 år og i senior klassen var det dei som var i frå 16 og oppover.
Konkuransen var organisert på Knockout-systemet, dvs at første og andreplassen fra kvalliken vart stillt opp mot kvarandre og tredje og fjerdeplassen opp i mot kvarandre osv. Vinnaren av paret blei kvalifisert vidare i konkuransen heil til me stod igjen med ein vinnar. Konkuransen blei uhyre spennande ettersom alle viste sine beste sider og verkeleg trykka til på Liheim-Big jumpen. I juniorklassen var det Joar Frekaland som drog det lengste strået med ein flott 720 (to rotasjonar).
I seniorklassen var det Klaus Finne som stakk av med seieren når han landa ein perfekt switch 900 dobbel mute (to og ein halv rotasjon med grab).
Pallplasseringar i juniorklassen:
1. Joar Frekaland - Premie: Sekk og stavar
2. Fredrik Dahle - Premie: Sekk og spade
3. Geir Stenehjem - Premie: Sekk
Pallplasseringar i seniorklassen:
1. Klaus Finne - 4000,-
2. Bjørnar Karmøy - 2000,-
3. Stian Eriksen - 1000,-

(Foto: Even Rømo)
På bildet: 1,2,3 plass i junior klassen. Frå venstre: Geir Stenehjem, Fredrik Dahle og Joar Frekaland

(Foto: Even Rømo)
På bildet: 1,2,3 plass i seniorklassen. Fra venstre: Stian Eriksen, Bjørnar Karmøy og Klaus Finne
ER
28.02. 2009
<< Fleire...
|