Bratt moro
  Søk
fjellsportfestivalen
 
fjellsportfestivalen
 

Startside  »  Om oss  »  Aktuelt fjellsportfestivalen
Klart for ny fjellsportfestival!

Set av dagane 24. – 28. februar 2010. Då vert det ny fjellsportfestival i Sogn, med eit sprekare program enn nokon sinne!

 

Vi er sline etter nokre travle dagar og netter med laussnø og høg stemning, men har alt starta plnalegginga av Fjellsportfestivalen 2010. Ambisjonen er sjølvsagt å bli betre på det meste, slik at du som deltakar skal få ei hyggeleg og minnerik oppleving i snøen og isen her i Sogn.

 

Korleis programmet vert, veit vi ikkje enno, men lovar å gjera det vi kan for å toppa årets.

Viss du klikkar deg inn på denne sida framover, vil du få sjå mykje sprek og bratt moro frå prets festival. Både NRK og Hallingdal Folkehøgskule har hatt ei rekkje fotografar i sving under Fjellsportfestivalen ’09. Vi har også att andre fotorafar ute i dei bratte fjellsidene våre.

 

Måndag 6. april, i påskeveka, må du detja deg godt til rette i godstolen. Då viser NRK-reporterane sine utvalde saker  frå Fjellsportfestivalen ’09 i beste sendetid på NRK1.

 

Vi vil takka alle som var med for innsatsen og den gode stemninga. Det er lagt ned tusenvis av timar i dugnadsarbeid. Utan denne innsatsen hadde vi aldri hatt nokon fjellsportfestival.

Finteljinga er ikkje heilt i boks, men rundt 700 personar kjøpte BrattPass til Fjellsportfestivalen ’09.

Takk til deg og alle andre som var med og løfta årets fjellsportfestival til nye høgder!



02.03. 2009



<< Fleire...

Skriv ut  



                         

  

     

 

Idrettssenteret | AH Bygg | Vestlandshus | Bjørklund | Adecco | Fredheim Maskin | Eirik og Odd Nornes