Fjellsportfestivalen er rock’n roll
Studentveka i Sogndal syter for høg stemning under heile Fjellsportfestivalen – og meir til.
Meieriet er kåra til ei av Noregs beste konsertscener. Det gamle meieriet i Sogndal sentrum er bygt om til eit levande og svært aktivt studenthus, og med ei konsertscene heilt i superklassen.
Under Fjellsportfestivalen 2010 kan du kvar kveld få med deg ein konsert av eitt eller fleire band, og då snakkar vi om kjende artistar. Følg med framover, her på vår side eller på www.studentveka.no, der det vil bli lagt ut informasjon om kven som skal rocka Sogndal under Fjellsportfestivalen.