Fjellsportfestivalen = familiehygge
Fjellsportfestivalen skal vera moro for alle, frå dei aller yngste til dei som har samla mange år på rumpebrettet.
Her skal tøffe mor, mjuke far, vesle Kari og litt større Ola finna noko som passar. Heile familien skal ha det moro under Fjellsportfestivalen.
Dei fleste aktivitetane våre passar for alle, og dei leikane som er litt for bratte, litt for høge eller litt for harde, prøver vi å laga miniversjonar av.
Kanskje det store hoppet vårt (Big Jump'en) vert i største laget for dei fleste av oss, men då skal du vita at i barneleikområdet og andre stader i bakken finst det hopp der du kan testa ut dine eigne grenser.
Sameleis skal vi ha railar og rekkverk dei fleste kan greia å sløva stålkantane sine på.
Og på Festivalcampen vår kan vi garantera det same: Her skal alle kunna klatra, alle skal få buldra, hoppa på trampoline, gjera puddergym og ha det moro!