Oss bak Fjellsportfestivalen
Me er ein gjeng jenter og gutar i Sogndal som likar bratt moro, og som víl dela denne moroa med andre.
Difor brukar vi mørke haustmånader på å planleggja Fjellsportfestivalen. I årevis har me halde løyndomane for oss sjølve, men plaga av dårleg samvit vel me no å stå fram med dei kvite løyndomane våre. Bli med, me garanterer bratt moro i Sogndalsdalen – 15 minutt frå Sogndal sentrum.
Einskilde av oss har teke utdanning etter grunnskulen og skulert seg til internasjonalt godkjende tindevegleiarar. Det er dei som skal ta deg med på tur til dei brattaste og villaste løyndomane våre, og det er dei som skal kursa deg i snøskred og isklatring.
Vi andre, mange av oss med fleire år på livets skule, skal gje deg mykje anna moro.
Mange beinbrot og medfølgjande skavankar har lært oss at tryggleik er viktig. Difor er det berre tindevegleiarar med den høgste utdanninga (internasjonal godkjenning) som skal føra på toppturane våre og halda isklatrekurs og skredkurs.
Verdiar
Fjellsportfestivalen skal ha ein miljøvennleg profil og spreia gode haldningar i samsvar med norske friluftstradisjonar.