Hodlekve rett opp

28.02.2010

Snøen spruta då starten gjekk.

Hodlekve rett opp

Sola stod høgt på himmelen då dei 12 deltakarane i rettopp-konkurransen i Hodlekve starta. Dei 12 deltakarane var delt opp i tre grupper: 8 i herrar, 3 i kvinner og 1 i barn.
 
Deltakarene starta med stort tempo i den ca 500 meter lange løypa. Ho gikk 250 meter oppover til eit snupunkt, så var det beint ned igjen 250 meter og rett i mål. Det såg lenge ut til og bli ein massespurt, men ved eit bergparti i toppen av løypa sprakk feltet. Såmund Bottnen reiste frå dei andre og sikra seg premien.
 
Då alle var komne i mål, vart resultatet og premiane slik:
 
Herrar: 
Sågmund Bottnen frå Sogndal fhs som fikk ei bok

Damer: 
Cathrine Engen frå Honingsud tif som fikk ei bok

Barn: 
Eivind Stedje frå Sogndal alpint som fikk t-skjorte, drikkeflaske m.m.
Elise B Hauge var den heldige som fikk gåve premien, som var ein Multifuel.

 

 

 

 

 

Fjellsportfestivalen.no: Kristoffer Nedrehegg


print