Frukostsjefen vår vart fotballpresident

01.03.2010

Fjellsportfestivalen må dela frukostsjefen vår med Noregs Fotballforbund dei komande fire åra. – Men han får ikkje permisjon.

Frukostsjefen vår vart fotballpresident

Festivalsjef  Tor Yttri gjer det klart at fotballforbundet må sjå langt etter preidenten sin når det er duka for ny fjellsportfestival i 2011. Det vert ikkje aktuelt å frigje frukostsjefen til NFF.

– Nei, vi har langtidskontrakt med Yngve og det kjem ikkje på tale å fri han frå denne. Presidentjobben kan han gjera elles i året. Når det er fjellsportfestival i Sogndal har han å møta her, seier Yttri.

Både festivalsjefen og resten av staben er langt framme i køen av gratulantar når Yngve Hallén no er landets nye fotballpresisdent. 

– Taklar han presidentjobben like bra som oppgåva som frukostsjef, går norsk fotball ei lys framtid i møte, seier Yttri.


print