Vi lagar Noregs sprøaste fjellsportbutikk!

17.02.2010

Du kan gjera skikkelege kupp under årets fjellsportfestival! Fjellsportbutikken er fylt med varer til halv pris og billegare.

Vi lagar Noregs sprøaste fjellsportbutikk!

Ei rekkje leverandørar har leigd seg plass på festivalcampen for å visa fram og selja varene sine. Einskilde har barbert prisane med heile 70 prosent.

– Eg trur ein skal leita lenge og langt etter liknande tilbod. Og vi fyller ikkje opp butikken med rusk og rask. Her er det kvalitetsvarer til gje bort-prisar, seier butikksjef Reidar Dvergedal.

Fjellsportbutikken i Sognahallen opnar torsdag klokka 16 og er open torsdag, fredag og laurdag.

– Vi har rikeleg med varer og kjem til å fylla på nye saker kvar dag, så her kan ein gjera kupp under heile festivalen, seier Dvergedal.


Her kan du bla i magasinet vårt:

 


print