Spennande aktivitetar under Fjellsportfestivalen
No kan du vere med 2011-vinnaren av DEN STORE FJELLSPORTPRISEN, Sigrid Henjum frå Leikanger på tur.
Påmelding: Med pass / Utan pass
For deg som har gløymt alt eller det aller meste kring bruk av kart og kompass. Her tek vi det heilt frå starten av, med ei teoriøkt om kvelden der vi også gjennomfører litt turplanlegging med tanke på turen neste dag. Dagen etter tek vi ein fin og roleg dagstur til Uglaåsen på austsida av Sogndalsdalen, der vi øver på bruk av kart og kompass på under turen. Når vi har lært oss det grunnløeggjande kring bruk av kart og kompass, ser vi også litt på bruk av gps.
Utstyr: Fjellski, kart og kompass
Maks tal deltakarar: 10
Meir info: Sigrid, 911 97 547
På tur med Sigrid Henjum: Mat på vintertur – Grøssete
Påmelding: Med pass / Utan pass
Kvifor ikkje gjera fjellturen til ei god matoppleving også? Vi førebur turen om kvelden der vi lærer oss korleis vi turkar turmat. Vi planlegg og lagar turmaten for oppvarming på primus, og slik får vi også læra korleis vi brukar primusen.
Utstyr: Fjellski, ta med primus om du hasr
Maks tal deltakarar: 6
Meir info: Sigrid, 911 97 547
Vil du bli ein stødig jibbar? Vil du læra nye, eller klanskje utvikla dine gamle knep på hopp eller rails? Du får sjanse til dette under Fjellsportfestivalen.
Under heile Fjellsportfestivalen kjem terrengparken ved Sogndal Skisenter til å vera nyshapa kvar dag. Du vil få instruksjon og inspirasjon frå dyktige parkkøyrarar som kjem med tips og rettleiing i korleis du kan bli ein betre parkkøyrar.
Køyrarar på alle nivå kan vera med; vi vil dela opp i grupper basert på ferdigheitsnivå.
Laurdag blir det ein uformell konkurranse i parken med premiering til dei som skil seg ut.
Torsdag, fredag og laurdag møtest vi klokka 11.00 i SILhytta i Sogndal Skisenter.
Jibbeverkstaden er gratis for deg med festivalpass. Utan festivalpass er prisen 100 kroner dagen. Påmelding ved oppmøte.
For deg får 12-16 år som har lyst til å prøva deg i klatreveggen i Sognahallen (festivalcampen), også kalla The Wall. Sogndal Klatreklubb arrangerer og stiller med dyktige instruktørarar som sikrar deg oppover veggen, så langt du vil. Klatring er ein fantastisk sport som du kan ha glede av heile livet, uansett nivå. Bli med!
Vil du læra nature- og actionfotografering av ein proff? Vegard Breie har gjort foto til leveveg og er etterspurd langt utanfor Noreg.
Meld deg på fotokurs med Vegard Breie i dag, for her vert det garantert fullteikna. Du kan velja mellom torsdag 23. Februar og laurdag 25. Februar.
Kurset med Vegard varer ein lang dag og startar med ei kort teoriøkt, før ein set kurset mot fjellheimen der du får læra knepa som gjer deg tile in betre vinterfotograf. Kurset vert avslutta med gjennomgang av bileta og tips om redigering.
Hugs å ta med digitalkamera og berbar datamaskin om de kan! OBS! Avgrensa tal plassar.
Påmelding:
PS! Vegard vil og halda eit føredrag for alle festivaldeltakarane fredag kveld. Der vil han vise nokre av sine blinkskot, medan han fortel om livet bak linsa og historiene bak bileta.
Snowboard for jenter med PowderPuff Girls
I samarbeid med PowderPuff Girls (PPG) frå Snowboardforbundet vert det arrangert eigne treningar for jenter. Tre erfarne trenarar stiller til shreding kvar dag og dei frammøtte vert delt inn grupper etter ønske og nivå. Dette sikrar at alle vil vert pusha og får personleg oppfølging, samstundes som vi ivaretek det sosiale. Det vert jibbing og leik med utfordringar på alle nivå i god PPG-stil.
Akebakkeskogen er eit konsept for store og små i målområdet til kinesisk utfor. Ta med mat som kan grilles, varme kle, rumpeakebrett og godt humør.
Tidspunkt: Fredag 24/2, arrangementet er gratis
- 12.00 Doktorsisten
- 12.30 Kinesisk utfor på akebrett for de yngste
- 13.15 Bål og grilling
- 14.00 Snømann konkurranse
- 14.30 Stiv heks
Atterhald om endringar etter vertilhøva
For 5 år på rad blir det lagt snø i gatene utanfor Meieriet og invitert til folkefest! I samarbeid med Veka arrangerar vi Urban Skileik, ein skileik i urbant miljø. Vi startar dagen med skiløp for ungar i barnehagealder frå klokka 11.00. Her er det berre å ta med heile barnehagen, samt mor og far og bestemor som god heiagjeng. Ungane går på null-tid, og alle blir premiert. Klokka 15.00 blir løypene opna for studentar. Her blir det lagkonkurranse, stafett, sprint, skiskyting og mange andre kjente (overraskelses)moment. Meld på heile kameratgjengen og vinn kule premiar! Påmelding finn du på Studentveka sine heimesider.
18 meter høg, 25 meter lang, ei klatrebar flate på ca 750 kvadratmeter og med eit overheng som nærmar seg det horisontale er klatreveggen i Sognehallen ikkje berre ein av Noregs beste veggar, men også ein av Nord-Europas! «The Wall» stod ferdig i 2006 og har etter det blitt nytta i fleire Norges-cupar, Norgesmeisterskap samt Nordisk Meisterskap. I veggen finn du alt frå grad 4-9. Alle ruter er merka med like farger på taka, og alle ruter har slynger og toppfeste. Det er anbefalt å bruke 50m tau, då ruter ofte kan bli lange. Kos deg i veggen, og hugs kameratsjekk.
Turen går til starten på chinese downhill.
Oppmøte ved heishuset i Hodlekve.
Påmelding i butikken, på telefon 57628812 eller post@sogndal.intersport.no
Turen går til starten av chinese downhill.
Oppmøte ved heishuset i Hodlekve.
Demo ski frå Volkl tilgjengeleg.
Påmelding i butikken, på telefon 57628812 eller post@sogndal.intersport.no
Oppmøte i butikken til Intersport Sogndal kl. 08.30
Her serverer me enkel frukost og presenterer dagens topptur mål.
Dynafit og G3 sin velkjente Tom Erik Heimen (kjent blant anna frå Oppdrag Sognefjorden)
vert saman med representantar frå Intersport Sogndal guidar på turen.
Demo utstyr frå Dynafit og G3 tilgjengeleg.
Påmelding i butikken, på telefon 57628812 eller post@sogndal.intersport.no