Kveldsaktivitetar

Fjellsportkveld

Dette er møtestaden! Her opnar vi festivalen offisielt tysdag kveld, og resten av veka fram til og med avslutningsfesten laurdag er det her det skjer. Klokka 1930 og ein god time framover er dette staden å vera, i den store konferansesalen ved Quality Hotel Sogndal. Her får du sjå kveldens video, her får du rapport om tilhøva i fjellet, her kårar vi kvar dag dagens festivalgjest, her får du ein liten dose musikk og underhaldning – og ein stor dose god stemning. Det er her vi deler ut premiane frå konkurransane våre – og det er her vinnarane av dei tre boblene våre vert kåra. Vi sjåast – klokka 1930!

Afterski

Har du hatt ein god dag i fjellet? Har du kjempa deg opp ein islagd foss med ei isøks i kvar hand? Har du baska i snøen, sveitta og slite? Uansett har du heilt sikkert gjort deg fortent til ei lita kosestund på afterskien vår på SoHo. Her viser vi skifilmar, her får du kjøpt god drikke – og her løftar vi stemninga kvar einaste ettermiddaeg med livemusikk.  Onsdag, torsdag, fredag og laurdag opnar vi afterskidørene klokka 15.00. Her vert det lukkelege stunder – og minst ein lukkeleg time kvar dag. See You!

  • Onsdag: Trubadur Torbjørn Gran
  • Torsdag: To tylar utan plugg. Torkjel Solbraa og Håvard Øyrehagen frå Tyyyl underheld med gamle og nye Tyyyl-låtar. Ein annleis afterski du berre må få med deg.
  • Fredag: Cafe Olai

Nachtspetakel tysdag kl 16:30: Intersport Sogndal, Dynafit og Fjellsportfestivalen

I samarbeid med Intersport Sogndal, Dynafit Nachtspetakel og Fjellsportfestivalen i Sogndal.
Tom Erik Heimen og Intersport sine eigne spesialistar tek deg med på ein lett fin hodelyktstur til Nuken.

For meir info og påmelding:
Oppmøte på Intersport kl 16:30
Ta kontakt med intersport Sogndal 57628812 post@sogndal.intersport.no

Utlån av toppturutstyr og hodelykter. Glühwine underveis.

Sparebanken Vest Fjellsportseminar onsdag 21:00: Sigrid Henjum

Lat deg inspirera av Sigrid Henjum! Her får du ta del i Sigrid sine opplevingar på tur, både dei korte turane her heime i Sogn, og dei lange til andre verdsdeler. Det handlar om turglede, om det å testa eigne grenser, og det handlar om å leva livet, leva ut draumane du ber på.

Sparebanken Vest Fjellsportseminar torsdag 21:00 Asbjørn Eggebø Ness

Asbjørn Eggebø Nesss kom til Sogndal som ein lang og hengslete student. Her vart han hekta, ikkje på studiar, men på skikøyring i bratte fjellsider. Høyr Asbjørn fortelja om sitt skiliv, om skiopplevingar i Sogn og resten av verda som skiboms. I dag er Asbjørn profesjonell skikøyrar med jobb for Haglöfs.

SparebankenVest Fjellsportseminar fredag 21:00: Vegard Breie fortel om foto

Få fangar den moderne skikulturen til minnebrikka som Vegard Breie. Fredag 24. februar kan du sjå Vegard sine blinkskot og høyra historia bak dei.

I 2009 hyra vi inn Vegard som festivalfotograf. Det angra vi ikkje på. Mange av bileta på denne nettsida er det Vegard som har levert.Under årets festival får han travle dagar, først som deltakar i Sogndal Photo Challenge der han har med seg Åsmund Thorsen og Alexander Aurdal, så som kurs- og føredragshaldar. Vegard Breie frå Ål har funne sin eigen stil, og er heilt i front når det kjem til  det med å dokumentera nyskapande aktivitetar i bratt terreng til alle årstider. Du kan gle deg til føredraget med Vegard Breie.

Freerideparty

Her skal frikøyrarane feirast – både vinnarane og alle andre som har sett utfor dei bratte fjellsidene i Sogndalsdalen. Førse er det premieutdeling og gratulasjonar under Fjellsportkvelden i konferansesalen, så møtest vi på SOHO for ein triveleg fest. Slå ut håret!

KinaDisco

Her vert det fart – garantert! Først full fart i Kinesisk Utfor, så bil (VW Boble) til ein eller ei av dei som stilte til start, og så dundrar det laus med KinaDisco på SOHO. Kva i alle verda KinaDisco er for noko? Kom og opplev!

DEN STORE FJELLSPOPRTFESTEN

Hu hei kor er det vel friskt og lett oppå fjellet! Hu hei kor det skal bli friskt og lett under den STORE fjellsportfesten. Vi trekkjer den siste av tre bobler på eitt av fjellsportpassa som vart kjøpt innan 10. februar – og så brakar det laus med fest og moro. Vi kårar årets frivillige, og så syter coverbandet Schweigaardsgate 17 for partystemning på SOHO. Her vert det liv!

FjellsportQuiz

Etter seminaret med Vegard Breie samlast vi i Keiserinnen til ein uhøgtideleg FjellsportQuiz. Det blir intrikate spørsmål og flotte premiar.