Praktisk informasjon

Kontakt

Fjellsportfestivalen. Postboks 164, 6851 Sogndal, Fon: 99 33 32 18, epost: post@fjellsportfestivalen.no

Transport

Deltakarar som har kjøpt FESTIVALPASS får 33% rabatt ved å vise fram gyldig pass ved kjøp av billett på bussen i perioden 20.-27.februar. Gjeld på desse ekspressbusstrekningane:

  • Oslo-Gol-Sogndal-Førde (Sogn og Fjordane Ekspressen)
  • Bergen-Voss-Sogndal (Sognebussen og Øst-VestXpressen)

For rutetider gå til rutesøk på www.nor-way.no

Overnattingstilbud

Fjellsportfestivalen anbefaler Festivalcampen i Sognahallen der du kan sette opp teltet ditt. Vil du ha litt høgare standard kan vår gode samarbeidspartnar Quality Hotel Sogndal tilby følgjande festivalprisar:

  • 780,- per person i enkeltrom
  • 490,- per person i dobbeltrom
  • 394,-per person i trippeltrom
  • 345,-per person i firemannsrom

Prisane er per døgn og inkluderar frukost

Sekretariat og praktisk informasjon

Festivalen sitt sekretariat finn du i Sognahallen lokalisert like ved turtorget. Festivalpasset ditt kjøper eller henter du her. Det er vi som svarar på telefonar og epost frå deg, og her kan du få info om og melde deg på dei ulike aktivitetane og konkurransane i festivalen. Festivalcampen vert og administrert frå sekretariatet. Vi har følgjande opningstider:

  • Mandag: 16-18
  • Tysdag: 08-10 og 15-18
  • Onsdag: 08-10 og 15-18
  • Torsdag: 08-10 og 15-18
  • Fredag: 08-10 og 15-18
  • Laurdag: 08-10 og 15-18
  • Søndag: 08-10

Fjellsportfrukost

Et deg stapp mett for ein hundrelapp på Quality Hotel Sogndal før du reiser til fjells. Betalar du litt ektra kan du også smørja med deg ein nistepakke å ha i sekken. Tilbodet om billeg og solid frukost er ope for alle med festivalpass, også for degsom bur andre stader enn på hotellet. Du som bur på festivalcampen i Sognahallen ordnar frukost og nistemat sjølv, på kjøkenet vårt i Sognahallen. Men viss du vil kan du sjølvsagt leggja turen til Quality Hotel Sogndal og eta frukost der.

Fjellsportmiddag

Fjellsportmiddagen et du sjølvsagt på Quality Hotel Sogndal:

La Pergola

Gjester med festivalpass kan velja mellom tre ulike pizzavariantar og valfri drikke (alkoholfri) til kr. 149,-

  • Nr. 16 Prosciutto cotto e funghi
  • Nr. 17 Salame
  • Nr. 20 Pollo Bianco

Dr. Hagen Café & bar

Gjester med festivalpass får 15 % rabatt på desse rettane frå á la carte-meny:

  • Gratinert Nachos
  • Gratinert Tortilla
  • Kvitlauksburgar
  • Sesam og Wasabibakt laksefilet

Buss til Sogndalsdalen

For din del, for festivalen sin del og for miljøet sin del: Ver så snill og nytta deg av busstilbodet vårt til og frå aktivitetane i Sogndalsdalen. Slik slepp vi trafikk- og parkeringskaos – og slik kjem alle seg raskt og effektivt fram til snørike Sogndalsdalen. For deg med pass er all busstransport gratis, også laussnøekspressen som går i skytteltrafikk opp att til Sogndal Skisenter.

Buss til Sogndalsdalen: Skysstasjonen - Ingafossen - Sogndal Skisenter: 8:30, 9:30, 10:30 og 11:30
Buss frå Sogndalsdalen: Sogndal Skisenter - Ingafossen - Skysstasjonen: 14:00, 15:00, 16:00 (ikkje sundag), 17:00 (ikkje sundag)

Laussnøbussen går i skyttel frå Sogndal Skisenter til Gunvordalen og tilbake til Sogndal Skisenter kuntinuerleg frå 0930 til 1700.

God busstur!

Turtorg

Her kan du få tips til gode turar og du kan kjøpa deg plass på ein av dei guida turane og kursa – om det framleis er att plass. Du kan og møte våre gode samarbeidspartnerar. Du vil få tips og råd om val av rett utstyr for din aktivitet, skredekspertane våre vil vera til stades og gje deg informasjon om skredfaregrad – og fjellførarane og kurshaldarane vil vera her og informera om sine tilbod.

I samband med turtorget i Sognahallen kvar morgon kan du også få låna klede frå Haglöfs eller skiutstyr frå ein av dei andre samarbeidspartnerane våre. Du vil også få tips og råd om val av rett utstyr for din aktivitet.

Arrangør: Bratt Moro

Det er Bratt Moro AS som står bak Fjellsportfestivalen. Selskapet er eigd av lokale entusiastar og har utover Fjellsportfestivalen fleire andre aktivitetar, td:

  • Sogndal Fjellsportsenter
  • Bulystprosjektet Møteplass og kunnskapsbase for fjellsport og ekstremsport
  • Reiselivsnettverket Fjordski
  • Bratt sommarfestival

Kontakt: Bratt Moro AS. Postboks 164, 6851 Sogndal, Fon: 97 58 79 31, epost: post@brattmoro.no