Sogndal Freeride
Sogndal Freeride World Qualifier avlyst. Konklusjonen etter dagens synfaring er klar: Vi ser oss nøydde til å avlysa frikøyringskonkurransen under årets fjellsportfestival.
Fjellsportfestivalen går som planlagt med alle andre aktivitetar på programmet, men frikøyringskonkurransen let seg ikkje gjennomføra.
– Fantastiske snømengder og draumeforhold i skogen, men diverre altfor mykje snø og for store temperatursvingingar til at det er forsvarleg å arrangera frikøyringskonkurranse, seier Knut Myking, festivalsjef for Fjellsportfestivalen. Han smiler ikkje i skjegget sitt Myking. Noregscup med World Cup Qualifier-status, og med solid påmelding, er ikkje noko han tykkjer er stas å avlysa.
Heller ikkje frikøyringssjef Roar Erlandsen er nokon lukkeleg mann. Men tindevegleiar Stein Falsen Møller, som var hyra inn som tryggleiksekspert var klar i sine råd etter rekognoseringsturen i dag, saman med hovuddomar Per Mundhjeld.
– Å senda hundre deltakarar og arrangørar opp i ei bratt og eksponert fjellside, med element som skal til for å få til ein utfordrande og god konkurranse, er ikkje tilrådeleg med dei forholda som er her no, seier Stein Falsen Møller.
Saman med frikøyringsstaben i Fjellsportfestivalen og Mundhjeld vurderte han ei rekkje fjellsider og fjellryggar som alternative arenaer for ein frikøyringskonkurranse, men kom til at det ikkje var noko anna klokt val enn avlysing.
– Det er utrulege laussnøforhold i skogen, og det er påfyll heile tida, men å arrangera ein frikøyringskonkurranse i ope lende er å gå på akkord med tryggleiken, seier Falsen Møller. Han viser til at det er meldt nye 80 centimeter med snø i Sogndalsdalen dei nærmaste dagane, og at det difor ikkje er utsikter til meir stabile forhold.
- Alle andre konkurransar og aktivitetar vil gå som planlagt. Det er supre forhold i skogen, men ta trygge val når du er ute på tur, seier Knut Myking.
Under løparmøtet ved Quality Hotel Sogndal klokka 1930 i kveld vil det verta gjeve meir og utfyllande informasjon.