Fjellbygda ved fjorden

Sogndal er ei fjordbygd, ein strandsitjarstad, men omgitt av fjell på alle kantar, forma av isbreeane gjennom tusenvis av år, er Sogndal også ei fjellbygd. Vi har ikkje dei høgste fjella i landet, men når det kjem til skikøyring kan vi måla oss med det aller beste, også i høgdemeter. Her kan du velja og vraka i toppar som gir kring eitt tusen høgdemeter i eitt strekk

Sogndalsdalen er hovuddalføret, men har ei rekkje sidedalar og kan by på nedkøyringar i alle himmelretningar

Det vil hovedsakleg vera fjella i Gunvordalen og Frudalen som er i fokus under Fjellsportfestivalen.  Her finn du fjell i alle himmelretninger med toppar som varierer mellom 1000 og 1600 moh.

Fjella er den viktigaste areanen i festivalen og det er godt tilrettelagt for at alle som kjem til Sogndal desse dagane skal koma seg  til fjells, og kan velja brattleik og vanskegrad utfrå sine føresetnader.

Interaktive kart 

I samarbeid med VaviaTrack har vi utarbeida vi nokre interaktive toppturar. Det vil sei at vi kan vise enkelte konkurransar og toppturar sett frå deltakarane sin synstad. Sjå løypeprofil, interaktivt løypekart og levande bilete!