Sogndal – snøbygda
Vi seier at vi har den beste snøen. Berre tullpreik og sjølvskryt? Neidå, nærleiken til Jostedalsbreen og eit klima med både kyst og innland i seg brukar å gje oss rikeleg med snø – og høg kvalitet på snøen. Enkelt forklart er det breen som kjølar ned nedbøren og kler fjella våre kvite. Sjølvsagt har vi skitvër her også, men få andre stader har like mange turrsnødagar som Sogn i løpet av ein normalvinter. Og takk for det!
Sogndal kommune har 7160 innbyggjarar og vi vert fleire og fleire for kvart år. I tillegg til registrerte innbyggjarar har Sogndal vel 2.000 studentar og skuleelevar.
Kommunen er 746 kvadratkilometer stor. Supphellenipa (1.713 moh.) er det høgste fjellet i Sogndal.
Sogndal vert ofte omtala som Saftbygdi, dette fordi vi har Noregs største og beste saftprodusent her, Lerum. Sogndal er elles kjent for å ha eit godt fotballag, og for å ha fostra opp meistertjuven Gjest Baardsen.