Krambua

No kan du kjøpe Fjellsportgenseren!

Fjellsportgenseren er designa og laga av den lokale oppstartsbedrifta Bjøddn. Bjøddn produserer alle sine produkta i Noreg – alltid. Med lamull frå norske sauer som beitar i norsk fjelluft, er det karda og spunne av ekte fagfolk. Og det er sjølvsagt strikka langs Sognefjorden.

Denne genseren vart til gjennom vinteren 2018 og stod klar til 10-årsjubileet til Fjellsportfestivalen. Etter at dei to første genserane hadde blitt lodda ut under festivalen, stod det att mange slukøyra festivaldeltakarar med knuste draumar som hadde tømt sparekontoen på åresalet for å sikre seg ein teoretisk mogelegheit til å vinne genser. Det var ikkje rart at dei var lei seg, den er jo so fin!

Difor er det ordentleg stas å kunne legge den ut for sal.