Ledige stillingar

Fjellsportfestivalen vert arrangert årleg i Fjellsporthovudstaden Sogndal midt i hjartet av fjell- og fjord-Noreg. Med bratte fjell, djupe dalar, nydelige fjordar og snørike vintrar er Sogndal den ultimate plassen for å drive fjellsport - året rundt! Fjellsportfestivalen syner fram bygdi sine lokale naturkvalitetar gjennom spanande og utfordrande aktivitetar, tufta på kunnskap om trygg ferdsel i bratt vinterlandskap. Festivalen skal inspirere, motivere, utdanne, underhalda, utfordra, samla og engasjera dei som har mykje erfaring med vinterfjellsport, og dei som har lite eller ingen erfaring.

Fjellsportfestivalen er arenaen for utveksling av erfaring og kunnskap knytt til utøving av fjellsport vinterstid, gjennom god formidling og sosiale møteplassar. No er me på jakt etter positive og flinke folk som har lyst til å vera med på moroa med å lage festival. Som frivillig i festivalteamet krevjast det mykje av deg, og du må vera villig til å setta av mykje tid. Heilt i frå no i slutten av september og fram til festivalen arrangerast i februar har me vekentlege møter, kor me jobber saman mot målet om å lage ein uforglemmeleg festival.

Kompensasjon

Som frivillig i festivalteamet får du ikkje lønn, men me  både håpar og trur at du vil sitte igjen med mykje ny og nyttig erfaring, nye venner, og ikkje minst mykje moro på vegen. I tillegg får du sjølvsagt ein utfyllande og god attest for den jobben du har bidrege med. Me håper dette høyrast interessant ut, og håpar å sjå ein søknad frå nettopp deg i innboksen.

Planlegginga fram mot festivalen er allereie i gang, så me ynskjer å besette stillingane så raskt som mogleg.

1. Frivilligsjef

Oppgåver:

Dei frivillige er festivalens viktigste ressursar, og uten frivillige blir det ingen Fjellsportfestival. Som sjef vil du jobbe med å kartlegga behovet for frivillige og korleis vi kan bruke dei ressursane vi har tilgjengeleg på best mulig måte. Du vil også ha ansvar for å lede rekrutteringsprosessen samt gjera våre systemer klare for registrering av frivillige til vi åpner for frivlligpåmelding ein gang i november/desember. Som frivilligsjef vil du også ha ansvar for å arrangera ein heidundrende fest for alle dei som er med og bidreg.

Kva ser me etter:

Me leitar etter deg som er strukturert, og har god sans for orden og system. Som frivilligsjef må du vera sjølvstendig, og du må rekna med å ta mange både små og store avgjersler på sparket. Du må kunne si i fra, og stille tydelege krav, og på same tid vera omsorgsfull og evne å ta vare på våre frivillige på ein god måte.

2. Programsjef

Oppgåver:

Vil du vera med på å bestemme kva som skal skje på Fjellsportfestivalen 2019? Programsjefen jobbar tett med arenaansvarleg både i Rindabotn og på hotellet for å koordinera og setta saman eit heilskapleg og godt program. Du vil vera ansvarlig for booking av artistar og foredragshaldarar. I tillegg er programsjefen kontaktpunktet mellom festivalen og leie av lyd og lys til alle scenar. Som programsjef vil du i samarbeid med ansvarleg for marknadsføring og kommunikasjon ha ansvar for å produsera tekstar rundt programpostane til bruk i marknadsføringa.

Kva ser me etter:

Som programsjef må du vera positiv, utadvendt, og vera forberedt på å snakke mykje i telefonen. Du bør vera organisatorisk og ha gode formuleringsegenskaper. Du må klare å vera sjef og både delegere arbeid og stille krav til dei arrangementsansvarlige.

Send ein e-post til daglegleiar@fjellsportfestivalen.no og fortel oss kvifor akkurat du skal få jobben!

Meld deg til teneste og bli med på moroa!

Frivillig 2019

Fjellsportfestivalen er stolt over den enorme frivillige innsatsen som er å finne i Sogndal. Utan desse ville den flotte festivalen ikkje vore mogleg. I jubileumsåret 2019 treng me engasjerte frivillege som vil bli med å lage ein historisk bra festival. Den offisielle registreringa startar i desember.

Krav til frivillige

Her finn du info om ulike oppgåver du kan ha som frivillig under Fjellsportfestivalen 2019 - og kva kvalifikasjonar me ser etter hos deg:

Du bur i Sogndal eller omeign
Du kan delta på førebuande møter og opplæring
Du deltek i ryddinga siste dag av festivalen

 

onsdagHåvardHalvorsen-13(1).jpg
frivillig fjellsportfestivalen.jpg
_MG_3658(1).jpg

Ulike frivilligoppgåver:

1. Frivillig i sekretariatet

Oppgåver:

Sekretariatet er festivalen sin «resepsjon». Kom hit og få svar. Deltakarar hentar festivalpass, kjøper turar og får informasjon om program og aktivitetar. Guidane hentar nøklar til bilane og møter gruppeturane her. Frivillige kan hente nøkkel til frivilligrommet. Sekretariatet informerer om vêrvarsel, rutetider, opningstider og mye anna. Sekretariatet er ope frå kl. 08-01.

Kva ser me etter:

Du er glad i å yte kundeservice. Du er merksam og får situasjonar til å gå smidig føre seg. Du taklar stress og lange køar. Du tør å seie nei når noko ikkje er rett. Du er blid, positiv og klar for å jobbe mykje under festivalen.

2. Frivillig på hotellet

Oppgåver:

På hotellet skjer det mykje på kveldstid. Frivillige passer på at arrangement vert gjennomført på ein trygg måte, og at deltakarar som kjem inn har festivalpass.

Kva ser me etter:

Frivillige på hotellet er tryggleikskapande personar som observerer og grip inn dersom situasjonen krev det.

3. Frivillig i Rindabotn

Oppgåver:

I Rindabotn er det behov for mange ulike oppgåver og dei aller fleste skjer utandørs. Nokon oppgåver kan vere fysisk tunge. Du må pårekne å ta festivalbuss til og frå Hodlekve/Rindabotn.

Kva ser me etter:

Du likar å vere utandørs og trivst med mykje liv og leven. Det kan bli kalde dagar, og du veit å kle deg godt for timane utendørs. Praktisk erfaring med verktøy er eit pluss.

4. Frivillig med ansvar for en aktivitet

Oppgåver:

Under festivalen skjer det mange aktivitetar, til dømes barneskirenn, hoppkonkurranse, sykkelutfor, m.m. Som frivillig hjelper du til med å forberede, gjennomføre og å rydde opp etter aktiviteten. Du må pårekne å ta festivalbussen til og frå Hodlekve/Rindabotn om det er der aktiviteten din skjer.

Kva ser me etter:

Du er ein hjelpsam og positiv person som gjer jobben sammen med laget til den er ferdig. Det kan bli kalde dager, og du veit å kle deg godt for timane utendørs.

5. Frivillig med ansvar for parkering

Oppgåver:

I skisenteret Hodlekve blir det mykje trafikk under festivalen. Frivillige ser til at bilane parkerer på oppviste plassar og at festivalbussen kjem fram. Frivillige tar også betalt for parkering.

Kva ser me etter:

Frivillege syter for at det er ordna forhold på parkeringsplassane til skisenteret. Du tør å seie nei dersom noko ikkje er rett. Det kan bli kalde dager, og du veit å kle deg godt for timane utendørs.

6. Frivillig med ansvar for dekor og pynting

Oppgåver:

Quality hotell i Sogndal er base for festivalen. Mykje av programmet går føre seg her. Dekorteamet gjer hotellet festivalklart med rekvisittar og pynt. Ein del av pynten er gjenbruk, og noko lagar me saman. Siste dagen i festivalen rydder me det tilbake på fjellsportlageret.

Kva ser me etter:

Du likar å lage ting og tang og ser løysingar på korleis vi kan lage god stemning på hotellet av det vi har til rådvelde.

7. Frivillig i gledespatruljen

Oppgåver:

Det har vore tradisjon å ha ein omreisande gledespatrulje som syter for god stemning gjennom heile festivalen. Denne gruppa er innom sentrum/hotellet og Hodlekve/Rindabotn dagleg og varmar festivaldeltakarane med toddy og glede med dei fargerike kostymane sine.

Kva ser me etter:

Gledespatrulja treng deg som er utadvendt, blid og opptatt av å gi festivaldeltakarar gode opplevingar. Du trivst med teamarbeid og å prate med folk. Me ønskjer at du har førarkort.

8. Frivillig på frivilligrommet

Oppgåver:

Eit rom på Quality hotell i Sogndal er heldt av som eit pauserom for frivillige. Ansvarlege for dette rommet passar på at det er mat og drikke i kjøleskapet, steiker opp vafler, rydder brukte kopper og asjetter, og ser til at det er eit ryddig og hyggeleg rom å besøke. Det høyrer og med til oppgåva å samarbeide med hotellet.

Kva ser me etter:

Du er glad i å lage mat og stelle for andre. Du bryr deg om at det er reint og ryddig på pauserommet.

9. Frivillig med ansvar for sponsormateriell

Oppgåver:

Kvart år nyttar festivalen vimplar til marknadsføringsformål. Desse må monterast opp og ned, og stå på ein anvist plass under festivalen. Nokon vimplar låner me frå sponsorar, og då må dei hentast og leverast hjå desse.

Kva ser me etter:

Du er ein ryddig person med sans for å bygge saman ting. Du trivast med transportoppdrag og vere på farta.

10. Frivillig til teknisk hjelp

Oppgåver:

Festivalen har programpostar som krev teknisk kunnskap. Vi leiger inn profesjonelle teknikarar, men treng også frivillige som kan vere assistentar for desse. Det kan òg bli behov for å trå til når andre frivillige treng hjelp med tekniske ting, t.d. lydteknikk og rigging.

Kva ser me etter:

Du har sans for datasystem og er vant til å løyse problem som dukkar opp når ulike løysingar skal snakke saman. Du hjelper gjerne andre med deira problem og taklar stressande situasjonar.

11. Frivillig med ansvar under frivilligfesten

Oppgåver:

Før festivalen varmar dei frivillige opp med ein heidundranes fest. Me leiger eit lokale der me kan ha ein privat samling. Me pynter, kokkelerer og koser oss ein lang kveld. Frivillege hjelpar til med desse oppgåvene, ser til at ting går som dei skal under festen, og hjelper til å rydde opp etterpå.

Kva ser me etter:

Du trivast i vert-/vertinne-rollen og ser til at alle på festen har det bra. Du er merksam og tør å gripe inn i situasjonar der det er behov for det.

12. Frivillig som jobbar med VIP

Oppgåver:

Ta imot festivalens VIP-gjestar, gje informasjon, legge til rette for eit triveleg opphald.

  • Hente/bringe frå flyplass/buss.
  • Hjelpe til under middag for sponsorar.
  • Arbeide i team med andre VIP-frivillige.

Kva ser me etter:

  • Du er flink med folk og serviceinnstilt.
  • Du løyser praktiske problem på strak hand.
  • Du er sosial og er ein god ambassadør for festivalen.

Usikker? Søk likevel, så hjelper me deg å finne ut kva du vil.