Feb
24
2:00 PM14:00

STIGA Race med POW i Rindabotn

fredag->skreiekonkurranse->ingrid->bilde3_preview.jpeg

Var du klassens råaste rattkjelkekøyrar i glansdagane på barneskulen? Er du fortsatt det sjølv om barneskulen er bytta ut med studiar eller jobb? Bli med på Protect Our Winters (POW) Noregs STIGA Race i Rindabotn!

Her gjeld det å få på seg dei raskaste goggelsa, polstre stumpen, og komme seg fortast mulig ned ei løype som kan by på litt av kvart. I stil med tittelen Fjellsportfestivalen sin regjerande rattkjelkemeister får du moglegheita til å stikke av med en vaskeekte STIGA rattkjelke - så då er det berre å sette seg bak rattet igjen etter konkurransen, og stikke ned til afterskien på Dampskipskaia for en velfortent seierspils. Det blir òg andre flotte premier!

Det køyrast heat på to og to frå kl. 14.00, og de fire raskaste får kjøre semifinale og finale. POW Norge stiller med rattkjelkar frå STIGA så det er ikkje nødvendig med egen, men har du en gamal fartskomet ståande heime i garasjen er det bare å ta den med.

Arrangementet er gratis, påmelding skjer i Rindabotn i forkant av arrangementet.

View Event →
Feb
24
8:00 AM08:00

Konsert på en topp med James Kirby

  FOTO: jameskirbymusic.com

FOTO: jameskirbymusic.com

Sogn Fartsfykarlaug inviterer til konsert på ein topp med James Kirby, i samband med topptur med speedridere.

Det vert arrangert Topptur med Sogn Fartsfykarlaug laurdagen, med konsert på toppen. Vi går saman opp, medan James spelar konsert på toppen når me kjem opp. Etter konserten flyr speedriderene ned, medan alle andre kan køyre ned ski ned.

Nærmere info om val av topp og skredsikker rute kjem ut nærmare arrangementet, då speedriderene treng riktige vindforhald.

Les meir om James Kirby her.

Konsert og tur er gratis og ope for alle (som kjem seg opp på fjellet av eigen maskin).

PS! Skal du speedride ned, må du ha godkjent speedridingkurs og lisens.

View Event →