Back to All Events

Afterski på Dampskipskaien

PL1A1272(1).JPG

Afterski med fjordutsikt!

Ein lang dag med tøff kriging med putene i Hodlekveskogen kan vere ei påkjenning ikkje berre fysisk. Den intense opplevinga av å cruisa i Sognapudder gjer at behovet for refleksjon (eller skryting og lyging som vi gjerne kallar det i Sogndal) oppstår nokså fort. Kva betre stad å feire skidagen over ein kald øl enn brygga ved Sognefjorden 1 MOH?

 

På kaien i fjørao ligg Dampskipskaien klar til å huse øltørste og skryte-svoltne festivaldeltakarar.  Fredag og Laurdag arrangerer vi den beste afterskien Sogndal har sett på Dampskipskaien. Nemnte vi at den originale DJ DAN kjem? Vi kan ikkje røpe alt kring planane enno, men meir informasjon kjem snart!

Følg med, for jubileumsafterskien skal ein ikkje kimse av.