Back to All Events

Afterski på Dampskipskaien

PL1A1272(1).JPG

Afterski med fjordutsikt!

Ein lang dag med tøff kriging med putene i Hodlekveskogen kan vere ei påkjenning ikkje berre fysisk. Den intense opplevinga av å cruisa i Sognapudder gjer at behovet for refleksjon (eller skryting og lyging som vi gjerne kallar det i Sogndal) oppstår nokså fort. Kva betre stad å feire skidagen over ein kald øl enn brygga ved Sognefjorden 1 MOH?

På kaien i fjørao ligg Dampskipskaien klar til å huse øltørste og skryte-svoltne festivaldeltakarar.  Fredag og laurdag arrangerer vi den beste afterskien Sogndal har sett på Dampskipskaien.

Praktisk info:

Afterskien startar klokken 16 fredag og laurdag - og byr på nydeleg mat, ekstremt gode ølprisar og herleg musikk.

Under Fjellsportfestivalen går skibussen hyppig til og frå Hodlekve. Bussen ender på busstasjonen, men dei tre siste avgangane frå Rindabotn (fredag og laurdag) køyrer innom Dampskipkaien.

Har du ikkje Festivalpass men vil på afterski? I år kan du kjøpe billett i døren til 120,-.

Earlier Event: February 24
STIGA Race med POW i Rindabotn
Later Event: February 24
Hestehoppeløp på Dampskipskaien