Back to All Events

Arena Rindabotn opner

Elias huse 2.jpg

Rindabotn i Sogndal skisenter er arenaen for aktivitetar på dagtid. Her vil det vere konkurransar, mat og mykje moro for små og store. Om du vil delta i aktivitetane, vere publikum eller berre nyte ein matbit er opp til deg. Kom hit for å få den gode vinterfestivalkjensla!

Mellom kl 11.00 og 15.00 vil våre mange ski- og utstyrsleverandørar stille med mykje spanande demoutstyr som du kan prøve. Har du nokon gong lurt på kva som egentlig er skilnaden mellom ei ski med mykje eller lite innsving, eller ei brei og ei smalare pudderski? På våre sponsorstans er det mogleg å teste begge deler i løpet av dagen.

I år får du teste skiutstyr frå: 

Kafè Krydder

Kafè Krydder syter for god mat og drikke i Kafè Laussnø i Rindabotn. Forutan obligatorsik solbærsirup og syltetøy frå Lerum vert det også kortreist mat frå lokale produsentar. Her vil du finne viltburger og gode pølser frå Haugen Gardsmat, gjærbakst frå Lustrabui, lokalprodusert juice frå Eplet Bed & Apple og Frigard, heimelaga gulasjsuppe og betasuppe, kaffe, brus og sjokolade, brownie, snickerskake mm. Kafè Laussnø har kortterminal og vert open torsdag-laurdag i opningstida til skisenteret.

Følg med på vår heimeside og facebookside om dei ulike arrangementa som skjer i Rindabotn. Her blir det stadig planlagt meir moro. Ilag med våre samarbeidspartnarar kan me love deg ein flott og innhaldsrik Fjellsportfestival i Sogndal Skisenter!

Det vert god stemning i Rindabotn så ta turen innom!

Elias Huse 3.jpg
Elias Huse 6.jpg
Earlier Event: February 23
Sykkelutfor