Back to All Events

Bruktmarknad og reperasjonverkstad med POW Norge og DNT Ung

brukmarked fjellsporten.jpg

Nysgjerrig på telemarkkjøring, og på jakt etter nokre rimelege ski for å teste ut svinging med laus hæl?

Har du eit par klatresko som berre blir liggande heime og samle støv fordi dei gnikkar litt for mykje på stortåa? Eller har du kanskje fått ei rift i ermet på yndlingsjakka som du gjerne skulle ha fått fiksa?

Da bør du ta turen innom takterrassen til La Pergola Restaurant i Sogndal torsdag 22. februar! Her arrangerer Protect Our Winters (POW) Norge og DNT Ung kombinert bruktmarknad og reperasjonsverkstad som ein del av Fjellsportfestivalen sitt festivalprogram. Her kan du selje og kjøpe alt av brukt og ubrukt friluftsliv- og sportsutstyr og kleder, òg få tips og hjelp til å fikse mindre skader på utstyret ditt. Slik kan utstyret få nytt liv og vare lengre, spare deg mykje pengar, og samtidig spare miljøet og vintrane våre.

Markedet er gratis, og opent for både festivaldeltakarar og ikkje-festivaldeltakarar. Betaling ved sal vil skje med Vipps.

For meir informasjon, sjå arrangementet på Facebook her.


Earlier Event: February 22
Sykkelutfor