Back to All Events

Death by Unga Bunga


DBUB Presse 2018_2_preview.jpeg

Death By Unga Bunga - ein tornado entrar Sogndalssalen!

Hels på Death By Unga Bunga. Fem fæle karar frå Norges garasjerock-hovedstad, Moss. Og nærast som teke ut av eventyra: bandet vart faktisk samla etter at vokalist Sebastian Ulstad Olsen heldt audition i sin egen garasje, våren 2007.

Sidan den gong har Death by Unga Bunga spredd sin energiske miks av garage, psykedelia og powerpop til eit stadig større publikum over heile den vestlige verda. Som ei eldkule har dei rastlaust vitja by etter by, stad etter stad, festival etter festival og dei har ikkje teke nokon fangar undervegs. Å oppleve bandet live er ei oppleving ein aldri gløymer, som best kan beskrivast som å bli truffen av ein rock n’ roll-tornado.

Dei gav i 2016 ut sitt fjerde album, «Pineapple Pizza», i mars, og 9. september gav dei ut ei nyinnspeling av sitt debutalbum, «Juvenile Jungle», samstundes som dei slapp tre splitter nye låtar på EP-en «Fight!». Tre utgivingar på ett år skulle nesten tilsei at ein kan gi seg nokre velfortente klapp på skuldra, men Mossebandet hadde sjølvsagt ingen planar om skru ned tempoet med det første. Dei har turnert land og strand i Norge samt ein månads turné i USA i tillegg til flere konsertar på det kontinentale Europa. Ikkje gå glipp av eit av Norges absolutt beste liveband på Fjellsportfestivalen 2018!

Death By Unga Bunga spelar på fjellsportfestivalen laurdag etter fjellsportkveld.

Earlier Event: February 24
Den store bursdagsfesten
Later Event: February 25
Sekreteriatet opnar