Back to All Events

DJ Thomas Giebelhausen (den originale DJ Dan) på Dampskipkaia

DJDAN1.jpg

Er du klar for tidenes afterski på fjellsportfestivalen? Denne dagen er det ikkje skal-bekledning som er motebiletet når vibbane av 90-talet tek over dampskipskaien. Finn fram dine eldste, beste skiklede, og la nostalgien strøyme fritt til lyden av Noregs kanskje mest kjende afterski-DJ.

Thomas er den originale DJ Dan som blir parodiert av Morten Ramm i Torsdagskveld fra Nydalen. Det er hjå Thomas at Morten Ramm har henta sin inspirasjon til karakteren. Er det likskap eller ikkje? Bedøm sjølv!

Thomas er resident DJ på Stavkroa i Hemsedal kvar vinter. Få eller ingen har meir erfaring med afterski enn denne legenden. Han er en av Norges mest ettertrakta DJ på grunn av sin karakteristiske spelestill og framferd der han aktivt brukar mikrofonen til å spreie stemnings-skapande bodskapar. Thomas svergar til sine cd-plater – dei er heilage for han. Han elskar god partymusikk og «god kok» på dansegolvet.

Vi garanterer at du får ein DJ som brukar heile seg sjølv og mikrofonen for å skape «God kok». Vi gler oss massivt til lyden av  denne koken.

DJ Thomas Giebelhausen spelar både på afterski på dampskipskaien kl 17.00 og SOHO ca kl 00:00 (etter Oral Bee & Mr. Pimp-Lotion).