Back to All Events

Sogndal Fotball presenterer "Alpenes 4000-metertoppar med Tormod Granheim"

tormod granheim alpene.jpg
tormod granheim.jpg

Av Tormod Granheim - presentert av Sogndal Fotball

STAD: Sogndal 1 & 2 (på hotellet).

Tormod har klatra Mount Everest på ein dag, og som førstemann i verda køyrd ski utfor fjellets nordvegg. Han er første klatrar i Norden til å bestige Alpanes samtlige 82 topper høgare enn 4000 meter. Noko han blei kåra til Årets Eventyrer for å gjennomføre.

Bruk høvet til å høyre Tormod fortelje om erfaringane han gjorde seg på den dramatiske Mount Everest ekspedisjonen og korleis han brukte den kunnskapen til å gjennomføre alle toppar over 4000 meter i Alpane. I foredraget vil han fortelje at mange av desse toppane er spanande turmål for festivalen sine deltakarar.

Tormod sin idrettsbakgrunn, eventyrlyst og fokus på stadig utvikling har gjort han til ein mykje brukt konsulent og foredragshaldar både for Forsvaret, næringsliv og idrett.

Vert du inspirert? Sjekk ut korleis du også kan klatre ein 4000 meters topp og bli med på workshop med Tormod. Bli med på brattkøyringskurs (påmelding kjem) med mannen som køyrde ski ned Nordveggen på Mount Everest.