Back to All Events

Foredrag: Førstebestigning og førstehjelp i Nepal

The wiev from our tent on 6000 meters on Pawar Himal. foto jørgen aamot - MAM.jpg
Jørgen Aamot on the summit of Pawar Himal, main summit 6621 masl. Foto Robert Caspersen - MAM.jpg

Av Jørgen Aamot

STAD: Sogndal 1 & 2 (på hotellet).

Jørgen Aamot har lang fartstid i bratt skiterreng med ei rekke spektakulære førstenedkøyringar i Norge dei siste 20 åra. Han har gjennomførd tre skiekspedisjonar til høge fjell i Himalaya der han blant anna har køyrd på ski ned frå 8000 meter utan bruk av oksygen. Han har studert friluftsliv i tre år ved høgskulen i Bø og har bidrege til fleire bokutgivingar om ski og klatring.

Jørgen er internasjonalt godkjend tinderettleiar med 20 års rettleiingserfaring i høgfjellsmiljø. Når NORTIND skal utdanne nye tinderettleiarar vert Jørgen brukt som rettleiar innan tema snø, ski og skred. Han bur i Hemsedal der han også arbeider for NVE som skredvarslar og som skredobservatør.

Høsten 2016 dro Jørgen Aamot til eit lite besøkt fjellområde i Nepal for å køyre på ski og klatre. På veg til og frå fjella vart det sterke møter med lokalbefolkning som treng medisinsk behandling vi tek for gitt.

Later Event: February 24
Møt sponsorane våre