Back to All Events

Foredrag: Naturmannen og jeg

lene julsen

Av Lene Julsen

STAD: Sogndal 1 (på hotellet).

Lene Julsen (34) frå Sarpsborg har skrive bestselgerboka "Naturmannen og jeg. Han lovet meg aldri gull, bare grønne skoger".

Ho kjem til Fjellsportfestivalen for å fortelje om korleis det er å leve med ein som elskar naturen, som helst vil sove i telt, som gjer storbyferiane om til klatreetappar, og tek ho med på dristige utendørsaktivitetar -  som då dei gjekk seg vill på vidda i Rondane og måtte overnatte på utedass. Å balansere på syltynne egger og kaste seg utfor stupbratte fjell er noko han tør, men å få barn???

Det vil bli mest humor, bittelitt alvor, passar for gammel, ung, amatør og proff, mann og kvinne. Moglegheit for å kjøpe signert bok blir det også.

Naturmannen dukkar mest sannsynleg opp han også - hvis ikkje han er på hovudlykttur opp Togga då ...