Back to All Events

Foredrag: Jotunheimen eventur

IMG_8690.jpg
g_printDSC_9324.jpg

Av Johan Wildhagen

STAD: Sogndal 1 og 2 (på hotellet).

Johan Wildhagen er ein av dei fremste fotografane i Noreg innan feltet natur og fjellsport. Han har via livet sitt til å fange magiske augneblink, og vert kjenneteikna av sin audmjuke og nysgjerrige tilnærming til alt vår vakre verden har å by på.

Mellom anna har han brukt åtte år på å dokumentere urfolket i peuransk Amazonas, og har gjeve oss innblikk i den eldgamle skikulturen som dei framleis bedriv i dei kinesiske fjellområda Altai. Drivkrafta hans er å formidle den djupe kjærleiken han har til naturen, og ønskjer å gjere fleire bevisst på at dette er noko vi må ta vare på for framtida.  Johan bryr seg.

Som fotograf følgjer han ofte fleire av dei råaste frikøyrarane, klatrarane og seglarane. Så ein kan berre tenkje seg at Johan også er temmeleg rå på dette sjølv. Men det er ikkje villast, brattast og høgst Johan er oppteken av “Fleire burde fokusere på det dei gjer for seg sjølv, heller enn å gjere det for Facebook” - seier han. Det handlar om å gå inn i naturen, mer enn ut i naturen.

Våren 2017 bestemte Johan og tre venner seg for å gå Jotunheimen på tvers. Det vart ein eventur gjennom dalar og over fjell frå Bygdin til Turtagrø. Ein treng ikkje reise langt for dei store opplevingane. Med utgangspunkt i dette vil Johan inspirere deg til å dra ut og kanskje sjå fjella og opplevinga av turen i eit nytt perspektiv. Det vert også glimt frå dei andre prosjekta eventyraren har stelt i stand. Ver klar for vakre bilete og tankevekkande ord.

Earlier Event: February 24
Turtorg - tips og triks for morgondagen
Later Event: February 24
Ølsmaking med Balder