Back to All Events

Skredforedraget med Thomas Kleiven og Linda Hallandvik

skredforedrag kleiven og hallandvik

Fjellsportfestivalen er stolte av å presentere eit av dei faste og viktigaste innslaga under festivalen, nemleg skredforedraget.

STAD: Sogndal 1 (på hotellet).

I år får vi besøk av Thomas Kleiven og Linda Hallandvik. På kvar sin måte har dei stor kunnskap om snøskred.

Denne kvelden vil Thomas fyrst fortelje si skrekkhistorie om korleis 35 minutt under snøen kan forandre deg. Linda vil deretter gå gjennom dei viktigaste verktøya for turplanlegging. Det vert med andre ord ein god miks av  empiri og teori.  Dette er eit ypperleg høve til å auke eigen kunnskap om skred og kva førehandsreglar du kan ta for å unngå skredulykker.


thomas kleiven

Thomas Kleiven: Å bli tatt av skred

Dei siste 15 åra har Thomas Kleiven kryssa tusenvis av kvite fjellsider. Inntil han for to vintrar sidan møtte ei tilsynelatande ufarleg fjellside i Frankrike hadde ferdsla i fjella alltid gått bra. Når fortel han om kvifor 35 minutt under snøen ikkje har gjort han redd for fjellet, men likevel endra måten han ferdast i fjellet på.

“Då eg fyrst vart ramma av ei skredulykke var det eit stort  skred, og det skjedde då eg gjorde ei handling som eg såg på som tilnærma utan risiko. Å nesten dø på denne måten i fjellet gjer at eg har endra måten eg ferdast i fjellet. Eg trur vi alle har godt av å tenkje gjennom kva risiko vi eigentleg tek, og å ta eit bevisst val knytt til denne risikoen”.


linda hallandvik

Linda Hallandvik: Turplanlegging

Linda Hallandvik er ein av dei fremste kompetansepersonane på skred i landet. Linda arbeider som førstelektor ved Høgskulen på Vestlandet, der ho  underviser alpin skiferdsel og forskar på beslutningstaking i skredutsatte omgjevnadar. Ved sida av jobben på Høgskulen i Sogndal praktiserer ho lidenskapen sin - ski og toppturar. Det spørst om det finst nokon som har fleire høgdemeter på ski i Sogn enn det Linda har. Profesjon og fritidsinteresser, eller teori og praksis,  går hand i hand for ho.

I foredraget vil Linda ta for seg det vi alle er på jakt etter - å finne den beste snøen og samstundes vere trygg. Nøkkelen er turplanlegging. Bli med Linda på planlegging av ein topptur!

Earlier Event: February 22
Turtorg - tips og triks for morgondagen
Later Event: February 22
Fjellsportkveld