Back to All Events

Kokkekamp på stormkjøkken med Sigrid Henjum og Bjarte Vatlestad

ingvild fridtun9.jpg

Sigrid Henjum og Bjarte Vatlestad skal konkurrere om å lage ein 3-retters middag på primus i løpet av 60 min!

Treng du mattips til din neste store telttur? Bli med og få stormkjøkken-repertoaret ditt utvida! I år vert det kokkekamp på scena i Rindaboten. Sigrid Henjum og Bjarte Vatlestad skal konkurrere om å lage ein 3-retters middag på primus i løpet av 60 min! Ein ting er at dei er flink til å lage mat, men desse meistarkokkane er rett så underhaldande også. Kom og sjå, le og lær!

I dommerpanelet finn me mellom anna Steinar Lindstrøm, tidlegare oldermann i Kokkenesmesterlaug i Sogn og Fjordane og som radiokokk i NRK Sogn og Fjordane. Ta lunsj med underhaldning i leverandørområdet i Rindabotn. Dette vert stas!

Earlier Event: February 23
Rakkar Open
Later Event: February 23
Afterski på Dampskipskaien