Back to All Events

Konsert med Oral Bee & Mr. Pimp-Lotion


Oral Bee og Mr. Pimp-Lotion.

Oral Bee og Mr. Pimp-Lotion.

På med partyhatten, for fredag står Oral Bee og Mr.Pimp Lotion klar på scena i Sogndalssalen og garanterar ein fjellsportkveld langt utanom det vanlege. Her blir det tidleg 2000-talls nostalgi og alt som er bra her i livet, nemleg baris, pengar og tennis. 

Oral Bee

Oral Bee og er ein legende i hip-hop gamet, og slapp sitt seinaste album "Den Hellige Treenigheten" med Da Playboy Foundation våren 2017. Oral Bee sin første singel «Penger» kom ut i år 2000 og førte til at han raskt vart kanskje den mest mislikte rapparen i landet med sin pimped out West Coast-stil. Saman med Big Ice og Mr. Pimp-Lotion starta han produksjonsteamet Da Playboy Foundation, som har produsert musikk på over 50 amerikanske rap-utgivelsar.

I 2004 fekk dei gullplate i USA for Baby Bash-albumet Tha Smokin Nephew, som inneheldt ”Image Of A Pimp”, ein sang produsert av Big Ice og Oral Bee, der Oral Bee er med og rappar på norsk. Gjennom åra har han bygd seg opp ein hardcore fanbase via albuma Sånn Vi Putter Det Ned (2001), Still Putter Det Ned(2005), Putter Det Ned As Usual (2009) og Putter Det Ned 4Ever (2015), samarbeidsalbuma med Big Ice – Pionerer (2011) og Norges Største Playaz (2013).  Sjølvbiografien til Oral Bee, Livet til en norsk boss, kom ut på Kontur forlag i 2013 og vart omtalt som «Et spesielt stykke norsk kulturhistorie» av Dagens Næringsliv. Boka vart kjøpt inn av Kulturrådet, og den er nyleg publisert i paperback.  

Oral Bee nyt ein suksess få ville gjetta for nokre år sida. Han har utsolgte konserter over heile Norge, og en straum med radiosingler. Hans nyeste singel «Høyt Over Oslo» med Morgan Sulele streama til gull (2 mill streams) på ein månad. Oral Bee har aldri spelt i Sogndal før, og er klare for å skape ei episk konsert-oppleving under fjellsportfestivalen 2018. Visstnok er han like «gangsta» som før, held det alltid ekte, både på plate og på konsert.

Mr.Pimp-Lotion

Den eksentriske artisten Mr. Pimp-Lotion har lenge vore kjend som produsent og Oral Bee sin sidekick. Han har vore i spelet lenge, og debuterte med mixtapes på midten av 90-tallet, som vart solgt bak disken på Christer Falcks Benni's Musikk. I store delar av 2017 har han levd livet i baris. Han har gått skirenn i baris, gått på puben Andy´s i baris, han går på kino i baris, og han køyrer Yaris i baris. Foruten hyppige forkjølelsar, kulminerte den skjortelause livsstilen i megahiten «Baris». 

Artisten er berykta for sine live-show der han stiller opp i pels, kritisk kort shorts, bacon-sokkar, Saucony-sko og eigendesigna Lotion-cap. Og han blir sjeldan sett utan si gigantiske Spenol-flaske i handa. Han er også ein sterk tilhengar av fasting (fastar ofte opp til ei veke i strekk) og når han først et, då fråtsar han i seg bacon og bearnaise.

Dei siste åra har Lotion gjort seg bemerka med gjestevers på Oral Bee-låter, inkludert «Tennis», «Trump» og «Uten Stopp», som alle vart lista på NRK P3. Hausten 2017 debuterte han med ei triologi-utgiving på tre dagar - debutalbumet "Lotion's Eleven" 11.august, det vanskelege oppfølgaralbumet "Lotion's Twelve" 12.august, og det utfordrande tredjealbumet "Lotion's Thirteen" 13.august. Trilogien har ei imponerande gjesteliste mellom anna med OnklP, Aslak (aka Alis fra Klovner i Kamp) og Snow Boyz.

Oral bee & Mr. Pimp-Lotion spelar saman på festivalen i Sogndalssalen fredag etter fjellsportkveld.

 

Earlier Event: February 23
Skryting og lyging