Back to All Events

Bli kjent med gründerar og næringsliv i Sogn

Jobbe i Sogn? Lyst å stå på ski før og etter jobb? Det gjer vi i Sogn!

STAD: Fjørasalen (på hotellet).

Skaff deg ein jobb her, eller lag din eigen arbeidsplass. Torsdag kl. 17.00 kan du treffe spennande gründerar og arbeidsgjevarar som fortel kva dei jobbar med og kva medarbeidarar dei er på jakt etter.

Det er mange gode grunnar til at Sogn Næring, KPSF og Fjellsportfestivalen ynskjer å vise vise fram arbeidsplassar i Sogn under Fjellsportfestivalen. Vi veit at det er mykje flinke folk som besøkjer festivalen, som ser at Sogn har eit eldorado av mogelegheiter for aktivitetar i naturen, og som svært gjerne vil bu på ein slik stad der dei kan dyrke desse aktivitetane på fritida.

No vil vi fortelje dykk at hit kan de berre flytte - fordi vi også tilbyr eit mangfaldig og spennande næringsliv!

Program

17:00 - 18:15: Bedriftspresentasjon: Kvar bedrift deltek med 1 slide og 3-5 minutt presentasjon.

18:15 - 19:30: Mingling med enkel tapas og noko attår

Bedrifter du møter (lista vert kontinuerleg fylt på):

og vi: Sogn Næring, Kunnskapsparken og gründersenteret FUS.

Påmelding

Du som er litt eller mykje interessert i næringslivet vert prioritert til å få ta del i opplegget, og vi har inntil 40 plassar. Opplegget er gratis, og det vert servert mat og noko attåt. Løpande påmelding til arrangementet er fullt.

Har du spørsmål, ta kontakt med Lisbeth Bringebøen på mobil: 917 76 422 eller lisbeth@sognnaring.no

Meld deg på her!

PS! Då arrangementet føregår under Fjellsportfestivalen inne på festivalhotellet må alle deltakarar ha festivalpass eller kveldspass.