Back to All Events

Opningssermoni: Dampskipskaien Open Winter edition

BB20160902_Fjell&Fjordmoro_DKO_DSC05534.jpg

Dampskipkaia OPEN Winter Edition

For fyste gong i Sogndal si historie, vert det arrangert det mest ekstreme av det ekstreme, der kun dei stautaste av dei staute, hardaste av dei hardbarka deltek. Nemleg Dampskipkaien OPEN Winter Edition. Dette er ei vidareutvikling av det mykje omtalte konseptet til Fjell og Fjord Moro, og vert opninga av Fjellsportfestivalen. Dampskipkaien OPEN har vore ein «crowd pleaser» i ei årrekkje. Her går konkurransen for seg over to runder, der ein står på ski ned ein bratt bakke, med eller utan makker, og flyr ut i sjøen ved Dampskipkaien i Sogndal. Stil, underhaldning og kreativitet vert vurdert. Sidan dette er vinterstid blir premiane også deretter.

Dykk høyrte riktig, det skjer! So med mindre du er redd for kaldt vatn, torsk og hyser, merksemd eller ski, så er dette noko for deg. Meld deg på, eller kom som publikum og lag liv og leven. Dette vert ei opning av Fjellsportfestivalen Sogndal ikkje har sett liknande til!

Har du det som trengst for å overbevise dommarane om at du er den stautaste, mest underhaldande, og hardføre skikjøraren i Sogn?

Earlier Event: February 21
Ope møte om fjellsport, miljø og klima
Later Event: February 21
Årsmøte i Sogn Fartsfykarlaug