Back to All Events

Skryting og lyging: Alt vi burde ha lært

hanna-og-paula.jpg

Med Hanna Bugge og Paula Voldner

STAD: Fjørasalen (på hotellet).

Dette handlar om alt vi burde ha lært.

Foredraget vil utforske ein lite systematisert materie. Dette kjem av ei erkjenning om at klatring stort sett består av nederlag, der det er langt mellom suksessane. Hanna Bugge og Paula Voldner vil påta seg den store jobben med å systematisere store og små tabbar. Utelukkande for at du skal bli ein betre klatrar.

Det handler om alle små og store erfaringar vi har gjort oss, som vi burde tatt lærdom av. Det handlar om hvor vanskeleg det er å ha løskokt egg på matpakke i stappa sekk; om kvifor det er dumt å klatre i space-tights når det er 10 minus; kvifor ein ikkje burde dra på klatredate; kvifor ein ikkje burde vere bakfull når ein klatrar og kvifor ein alltid, vi gjentek: Alltid skal ha hovudlykt i sekken.

Earlier Event: February 23
Fjellsportkveld
Later Event: February 23
Konsert med Oral Bee & Mr. Pimp-Lotion