Back to All Events

Skryting og Lyging med Sondre Kvambekk

Sondre Kvambekk.PNG

Sondre Kvambekk, også kjend som “500fjell”, har ei merittliste heilt utanom det vanlege i norsk fjellsport. Som 19-åring vart han Noregs yngste til å bestige alle dei 376 toppane over 2000 meter i Noreg.

Asker-mannen vart for alvor kjend då han i 2014 besteig alle Hurrungane sine 23 2000-meterstoppar på under eit døgn. Ifølge si peakbook-side har han no gjennomført 1392 turar og 2438 bestigningar (!). Det skulle bety at det finst ei historie eller to å skryte og lyge om.

Denne hausten har Sondre vore i USA og Yosemite Nasjonalpark, California, der han mellom anna klatra The Nose på El Capitan. Du har kanskje sett fjellet som skrivebordsbakgrunn om du har Mac OS X - og det er kanskje det næraste dei fleste av oss kjem denne sagenomsuste fjellveggen. 

Gå ikkje glipp av Kvambekk sine dramatiske skildringar frå turen denne kvelden på Fjellsportfestivalen!

Earlier Event: February 22
Fjellsportkveld
Later Event: February 22
Konsert med Øyrehagen