Back to All Events

Sogndal Freeride - Noregscup

_MG_3623.jpg

Freeride-konkurransen blir torsdag i Fossane (ved Frudalen).

Ta bussen, det er ikkje moglegheit å parkere der, då bussane må snu og det skal vere plass å lande for eit helikopter. Konkurransen startar mellom kl 09.30-10.00, så du har greit med tid til å finne deg ein god tilskodaplass om du tar bussen.

Avreise til Frudalen:

Det vil gå eigne bussar frå skysstasjonen kl. 09 (presis!) for publikum. Bussen reiser fyrst innom Hodlekve og set av skifolk, før han fortsett til Frudalen. Det vil stå "Publikum Freeride" ord i vindauget på bussen.

Retur frå Frudalen:

Er satt til rundt kl. 14, då vi antar at konkurransen er ferdig. Bussane tek med seg både deltakarar og publikum.

Alternativ retur:

Stak deg ned til Selseng og ta laussnøekspressen (går kontinuerleg heile dagen). OBS! Gå oppå brøytekanten, ikkje nytt bilvegen!

 

Kor er Fossane?

Fossane er ei fjellside like ved inngangen til Frudalen. Bussane går til parkeringa ved Frudalstunnelen. Står du her og ser mot Frudalsfjellet, vil du sjå rett på sida utøverane skal køyre. Her er det mange bra tilskoderplassar.

Sjå området i kartet her:

Earlier Event: February 22
Oppmøte guida turar
Later Event: February 22
Fyking ved Moldovberget i Sogn Skisenter