Back to All Events

STIGA Race med POW i Rindabotn

fredag->skreiekonkurranse->ingrid->bilde3_preview.jpeg

Var du klassens råaste rattkjelkekøyrar i glansdagane på barneskulen? Er du fortsatt det sjølv om barneskulen er bytta ut med studiar eller jobb? Bli med på Protect Our Winters (POW) Noregs STIGA Race i Rindabotn!

Her gjeld det å få på seg dei raskaste goggelsa, polstre stumpen, og komme seg fortast mulig ned ei løype som kan by på litt av kvart. I stil med tittelen Fjellsportfestivalen sin regjerande rattkjelkemeister får du moglegheita til å stikke av med en vaskeekte STIGA rattkjelke - så då er det berre å sette seg bak rattet igjen etter konkurransen, og stikke ned til afterskien på Dampskipskaia for en velfortent seierspils. Det blir òg andre flotte premier!

Det køyrast heat på to og to frå kl. 14.00, og de fire raskaste får kjøre semifinale og finale. POW Norge stiller med rattkjelkar frå STIGA så det er ikkje nødvendig med egen, men har du en gamal fartskomet ståande heime i garasjen er det bare å ta den med.

Arrangementet er gratis, påmelding skjer i Rindabotn i forkant av arrangementet.

Earlier Event: February 24
Kinesisk Utfor med Lurkarlaget
Later Event: February 24
Afterski på Dampskipskaien