Back to All Events

Sykkelutfor

Tove Hellesvik (1).jpg

Det har etterkvart blitt mange år med denne tradisjonen, og alle som har vore med har ei eller anna skrøne å fortelle, så kvifor ikkje ta med sykkelen på Fjellsportfestivalen? Er bilen din allereie full av stæsj og vennane dine sitt stæsj? Fortvil ikkje, finn ein i bygda du kan låne sykkel av. Børst så vinterstøvet av sykkelen og la den få ein luftetur ned løypa i Rindabotn, eller møt opp likevel og få lånt deg ein sykkel av dei andre deltakarane. Det blir kjørt “Cup” på fire og fire i kvar pulje, med ein superfinale.

Dette er eit lågterskeltilbod som  ein kvar syklist med eller utan respekt for seg sjølv ikkje kan gå glipp av. I tillegg til premiering for raskaste mann og kvinne, kan vi i år også tilby premiering for beste kostyme, kven kan motstå dette?

Premiepotten er full av godsaker!

Påmelding i Rindabotn same dag som arrangementet.

Earlier Event: February 22
Arena Rindabotn opner
Later Event: February 22
Møt sponsorane våre