Feb
20
9:00 PM21:00

Skryting og lyging

«Staonopao og Staonopow»

«Ein februardag for ca 20 år sidan såg ein lokal bonde noko merkeleg i kikkerten sin i det han skua opp mot fjellet Togga i Sogndalsdalen. I rask fart som ein snøfres dansa to skiløparar seg nedover fjellsida. Bonden var vand med skiløparar i dalen, men ikkje ned dette fjellet. Her var det for bratt for å ferdast vinterstid. Ein såg kanskje jerverspor, men ikkje skispor. Det var ikkje anna å gjere enn å ringe politiet og rapportere inn denne galskapen.»

Mykje har skjedd i Sogndal sidan det fyrste møtet med moderne ski-kultur. Fjellsportfestivalen skal ha mykje av æra for at denne kulturen kom til Sogndalsdalen på stor skala. Når Fjellsportfestivalen feirar 10 år er det på sin plass med mimring, nostalgi og tilhøyrande skrøner. Bli med på ei reise i Fjellsportfestivalen si historie. Frå å vere visjonen til ein «galen» Sogndøl, til ein etablert festival  som har gjort Sogndal til Noreg sin pudderhovudstad.

Korleis har ein har klart å lokke austlendingane ut av Sinsenkrysset og jamvel få dei til å passere Hemsedal?  Korleis har det seg at folk vil flytte hit for å gjere anna enn å spele fotball eller produsere saft? Er det tilfeldig at Sogndal har sterkast folkevekst i fylket,  eller at Høgskulen opplever rekord-auke i søkjartala sine?  Og kva har eigentleg Kjell Opseth – det pragmatiske “samferdselsgeniet” med festivalen å gjere?

View Event →
Arena Rindabotn opner
Feb
21
11:00 AM11:00

Arena Rindabotn opner

Elias+huse+2.jpg

Rindabotn i Sogndal skisenter er arenaen for aktivitetar på dagtid. Her vil det vere konkurransar, mat og mykje moro for små og store. Om du vil delta i aktivitetane, vere publikum eller berre nyte ein matbit er opp til deg. Kom hit for å få den gode vinterfestivalkjensla!

Kafè Krydder

Kafè Krydder syter for god mat og drikke i Kafè Laussnø i Rindabotn. Forutan obligatorsik solbærsirup og syltetøy frå Lerum vert det også kortreist mat frå lokale produsentar. Her vil du finne viltburger og gode pølser frå Haugen Gardsmat, gjærbakst frå Lustrabui, lokalprodusert juice frå Eplet Bed & Apple og Frigard, heimelaga gulasjsuppe og betasuppe, kaffe, brus og sjokolade, brownie, snickerskake mm. Kafè Laussnø har kortterminal og vert open torsdag-laurdag i opningstida til skisenteret.

Følg med på vår heimeside og facebookside om dei ulike arrangementa som skjer i Rindabotn. Her blir det stadig planlagt meir moro. Ilag med våre samarbeidspartnarar kan me love deg ein flott og innhaldsrik Fjellsportfestival i Sogndal Skisenter!

Det vert god stemning i Rindabotn så ta turen innom!

View Event →
Feb
21
6:30 PM18:30

Møt sponsorane våre

PL1A6985-1.jpg

Fjellsportfestivalens sponsorar kjem til å ha stands i lobbyen på hotellet under heile festivalen.

På torsdag, fredag og laurdag frå klokka 18.30 til 21.00 vil det i tillegg til den hyggelege bemanninga på standsa, vere gode tilbod, nye kolleksjonar, konkurransar samt høve til å gjere nokre verkelege gode avtalar!

View Event →
Turtorg - tips og triks for morgondagen
Feb
21
7:00 PM19:00

Turtorg - tips og triks for morgondagen

turtorg.JPG

På turtorget får du turtips, vêr og skredvarsel og kan nyte godt av lokal kompetanse frå våre tindeveglederar!

Turtorget har oppdaterte ver- og skredvarsel, du kan kikke på karta over Sogn og planlegge turen din. Du kan også kjøpe diverse kart frå området, og fleire bøker fra FriFlyt-forlaget med turbeskrivingar, mellom anna frå Sogn.

Fjellsportfestivalen ønskjer at dette skal være eit tryggleikstiltak som me vonar mange velger å benytte seg av. Har du spotta ei kul side som du gjerne vil diskutere eller planlegg ein tur i ukjent område neste dag? Lurer du på korleis snøforholda har endra seg i Sogndalsdalen i løpet av vinteren? På Turtorget får du svar.

Leik trygt - tryggleik!

STAD: lobbyen (på hotellet), mellom 19.00-20.30

View Event →
Turtorg - tips og triks for morgondagen
Feb
22

23