Back to All Events

Arena Rindabotn opner

Elias+huse+2.jpg

Rindabotn i Sogndal skisenter er arenaen for aktivitetar på dagtid. Her vil det vere konkurransar, mat og mykje moro for små og store. Om du vil delta i aktivitetane, vere publikum eller berre nyte ein matbit er opp til deg. Kom hit for å få den gode vinterfestivalkjensla!

Kafè Krydder

Kafè Krydder syter for god mat og drikke i Kafè Laussnø i Rindabotn. Forutan obligatorsik solbærsirup og syltetøy frå Lerum vert det også kortreist mat frå lokale produsentar. Her vil du finne viltburger og gode pølser frå Haugen Gardsmat, gjærbakst frå Lustrabui, lokalprodusert juice frå Eplet Bed & Apple og Frigard, heimelaga gulasjsuppe og betasuppe, kaffe, brus og sjokolade, brownie, snickerskake mm. Kafè Laussnø har kortterminal og vert open torsdag-laurdag i opningstida til skisenteret.

Følg med på vår heimeside og facebookside om dei ulike arrangementa som skjer i Rindabotn. Her blir det stadig planlagt meir moro. Ilag med våre samarbeidspartnarar kan me love deg ein flott og innhaldsrik Fjellsportfestival i Sogndal Skisenter!

Det vert god stemning i Rindabotn så ta turen innom!

Earlier Event: February 21
Oppmøte guida turar
Later Event: February 21
Møt sponsorane våre