Back to All Events

Bindinglauskurs

Copy of 29388453_10156299466254433_5630353279222284288_o(1).jpg

Er du nysgjerrig på bindinglaus puddersurfing? No har du moglegheit til å læra alt du treng å vite.

Isaac Hegna Manning kjem til Fjellsportfestivalen og skal halda kurs i korleis du bygger ditt eige brett. Etter kurset går du heim med eige sjølvlaga pudderbrett under armen, klar til leik i botnlaus pudder.

Kurset haldast i Dalalåven på festivalarenaen i Rindabotn. Den enklaste måten å komma seg dit til riktig tid er om du tek bussen som går frå Sogndal til Hodlekve denne morgonen. Bussen er sjølvsagt gratis for alle med gyldig festivalpass.

Kurset har berre 8 plassar, så her lyt du vera snøgg med påmeldinga. Hugs at du må ha gyldig festivalpass for å vere med på kurset.

Earlier Event: February 21
Sogndal Freeride - Noregscup
Later Event: February 21
Arena Rindabotn opnar