Back to All Events

Fjellpitch - ein idékonkurranse for gründerar og driftige folk

FB-event cover photo.jpg

Er du gründer eller har ein god idé? Er du glad i friluft, fjell og snø? Då bør du sikte mot Fjellpitch!

Fjellpitch er ein idékonkurranse for gründerar og driftige folk. Som deltakar får du Festivalpass til Fjellsportfestivalen 2019, kontorplass i gründermiljø under festivalen, pitchetrening i forkant av konkurransen og ein gåvepakke med innhald frå lokale aktørar. Om du verkeleg imponerar dommerane har du moglegheita til å vinne 20 000 kroner, 20 timar med rådgjeving i forretningsutvikling, kontorplass i gründermiljø Festivalpass til Fjellsportfestivalen 2020, helgepass i Sogndal Skisenter Hodlekve og eit sesongkort til Sogndal Fotball. Til saman ein verdi på heile 57 000 kroner!

Prisen for å delta er 550 kroner, og det er begrensa med plassar! Søknadsfrist er 14. februar 2019.

Earlier Event: February 22
Sekretariatet opnar
Later Event: February 22
Todagers Videregående Skredkurs