Back to All Events

Andreas Vold - Fanga i Skredet

AndreasVold_Skredet.png

Andreas låg seks timar halvvegs begravd i eit snøskred. Seks timar åleine i fjellet. Seks timar i mørket, i kulden. Ein seks timar lang  innbitt kamp for å overleve.

Høyr Andreas Vold fortelle si sterke, gripande og sjølvopplevde historie, fortalt av han sjølv. Bli betre kjent med han som trudde han var udødelig. Kor brått og brutalt livet snur heilt om. Bli betre kjent med den dramatiske redningsaksjonen.

Me i Fjellsportfestivalen er utruleg stolte og audmjuke over å kunne presentere  den sterke historia til Andreas Vold. Eit foredrag om kampen for å overleve. Kva skjedde. Kvifor skjedde det. 

Andreas vel å dele si eiga historie nettopp fordi han håpar den kan bidra til andre kan lære av den.  Dette er Andreas sitt bidrag til alle vi andre bør tenke oss om, gjer sikre vegval, bruke hovudet. 

Om du er heilt ny eller den som er mest garva på ferdsel ute i vinterfjellet, så har du noko å lære her.  Sjeldan har du fått ei så beint fram ærleg historie servert rett frå hjartet. Ei sterk historie til ettertanke.

Earlier Event: February 20
Opningsseremoni
Later Event: February 20
Fjellsportkviss