Back to All Events

Konsert med Tyyl!

tyyl1.jpg

Rockeelskarar!

Den 22. februar er det slåande og spenstige rockebandet TYYL! klar for å ta heimbygda med storm på

Fjellsportfestivalen. Tre år og ein haug med ungar etter førre konsert, plantar karane føtene i grusen

utanfor Sogndal Hotell. Eit band som vil stå som ei furu i den norske rockefloraen; på skrinn jord,

med kraftige røter, stikkande nåler, duftande kvae og ei usymmetrisk krone. Mest truleg frå ein

fjordarm - litt oppe i høgda for å få utsyn - kjem bandet med bitande lyrikk på syngjande sognemål og

melodiar so melodiøse at sjølv salmeboka bleiknar. Platene dei har på samvitet er heil ved, og både

bestemødre, trailersjåførar, ungpiker frå hovudstaden og vonbrotne menn syng med på låtane som

er spekka med frustrasjon, aggresjon, mot, sårbarheit og glede på ekte Sognamål! No har TYYL! nett

vore i Nabolaget Studio i hovudstaden! Plata som kjem utpå våren ber bod om tapt kjærleik,

midtlivskriser, kvinnfolk, dynamitt, sprit og alt anna som høyrer livet og døden til. Dersom du ikkje

har skaffa deg billett til denne kvelden er du truleg for seint ute allereie. Skadding.

STAD: Sogndalssalane (på hotellet).


Earlier Event: February 22
Skryting og lyging med Magnar Musum
Later Event: February 23
Fest på Soho med den originale DJ Dan