Back to All Events

Jens Kristian Kvernmo - Et Vilt Liv

Ansikt Jens edit (1 of 1)-2.jpg

La deg inspirera av Jens sine eventyr!

Jens Kristian Kvernmo er lidenskapeleg jegar og friluftsmann. Han er mannen bak NRK-suksessen «Vinterdrømmen», vinnar av reality-serien «Alene» på TV2 og i 2017 blei han kåra til årets villmarking! I januar er han på nytt aktuell med eigen serie på NRK, og i februar kjem han til Fjellsportfestivalen. Dette lyt du ikkje gå glipp av!

Foredraget vil handla om forrige vinters ekspedisjon - ein 3 månadar lang hundespanntur i frå Finnmark til Trøndelag. Gjennom foto og film gir Jens Kvernmo publikum uforglemmelege historier og skildringar av både menneske og natur. Når me i tillegg får eit innblikk i «einstøingens» damejakt og selvransakelsar, blir dette eit foredrag som vekslar mellom nærheit, storheit, ensomheit og fantastiske naturopplevingar.

Jens har bakgrunn i frå Forsvaret som skarpskyttar og har vore totalt 6 månadar i operativ teneste i Afghanistan. Han er også tidligare rifleskyttar med 4 NM gull og flere deltakingar i internasjonale meisterskap

Stemningsgaranti!

Earlier Event: February 22
Systova
Later Event: February 22
Møt sponsorane våre