Back to All Events

Opningsseremoni

Årets Fjellsportfestival dansast i gang med SKIBALLETT i parken onsdag 20. februar klokka 17.00. Ordførar Jarle Aarvoll opnar festivalen og me får musikalsk innslag ved Gunn Marit og Inge Ronny Kvåle. Det vert og servert saft og pølser til alle frammøtte. For dei av dykk som ynskjer å stille lag til skiballett, skal påmelding skje til e-post odahp90@gmail.com. Kåring av beste lag vil skje ut i frå ein kombinasjon av opptreden, underhaldningsverdi og utkledning. Me ynskjer alle velkomne til å bli med, unge som gamle! Det er sjølvsagt mogleg å låne miniski hjå Fjellsportfestivalen om ynskjeleg. 

Earlier Event: February 20
Sekretariatet opnar
Later Event: February 20
Andreas Vold - Fanga i Skredet