Back to All Events

Skryting og lyging

«Staonopao og Staonopow»

«Ein februardag for ca 20 år sidan såg ein lokal bonde noko merkeleg i kikkerten sin i det han skua opp mot fjellet Togga i Sogndalsdalen. I rask fart som ein snøfres dansa to skiløparar seg nedover fjellsida. Bonden var vand med skiløparar i dalen, men ikkje ned dette fjellet. Her var det for bratt for å ferdast vinterstid. Ein såg kanskje jerverspor, men ikkje skispor. Det var ikkje anna å gjere enn å ringe politiet og rapportere inn denne galskapen.»

Mykje har skjedd i Sogndal sidan det fyrste møtet med moderne ski-kultur. Fjellsportfestivalen skal ha mykje av æra for at denne kulturen kom til Sogndalsdalen på stor skala. Når Fjellsportfestivalen feirar 10 år er det på sin plass med mimring, nostalgi og tilhøyrande skrøner. Bli med på ei reise i Fjellsportfestivalen si historie. Frå å vere visjonen til ein «galen» Sogndøl, til ein etablert festival  som har gjort Sogndal til Noreg sin pudderhovudstad.

Korleis har ein har klart å lokke austlendingane ut av Sinsenkrysset og jamvel få dei til å passere Hemsedal?  Korleis har det seg at folk vil flytte hit for å gjere anna enn å spele fotball eller produsere saft? Er det tilfeldig at Sogndal har sterkast folkevekst i fylket,  eller at Høgskulen opplever rekord-auke i søkjartala sine?  Og kva har eigentleg Kjell Opseth – det pragmatiske “samferdselsgeniet” med festivalen å gjere?

Earlier Event: February 20
Opningssermoni
Later Event: February 20
StandUp-onsdag