Filtering by: Arrangement

Ølsmaking med Balder
Feb
23
7:00 PM19:00

Ølsmaking med Balder

Copy of 29388453_10156299466254433_5630353279222284288_o(1).jpg

Er du glad i øl? Nysgjerrig på bryggeprosessar og vil lære mer? Bli med Balder på ølsmaking og smak på ulike typer øl i godt lag.

STAD: Fjørasalen (på hotellet).

Balder Brygg starta opp ølproduksjon i juni 2012. Produksjonen er tufta på lokal entusiasme og vidareutvikling av meir enn tusen års gammal vestnorsk heimebryggartradisjon. Det faktum at Leikanger har 35-40 aktive heimebryggarlag, understøttar og forankrar Balder Brygg sitt eineståande utgangspunkt for å videreutvikle desse vestnorske tradisjonane.

Balder har blandt anna spesialisert seg på produksjon av lagerøl (undergjæring). Dette er ei unik satsing for eit mikrobryggeri. Undergjæret lyfter den gamle øltradisjonen til nye høgder for dei øltypane der malten vert framheva som ølets kropp. Det gjer Balder med Sognapils, Sognapils Extra, Vårøl, Julebukk, Turken, Kjedlarpils og Eplepils. Sidan Balder ikkje filtrere ølet, krev roduksjonsteknikken lengre gjæringstid og endå lengre lagringstid samanlikna med overgjæra øl (ale). Denne ekstrakostnaden gjev ekstra god smak og klårare øl.

Under festivalen har du muligheit til å smake på de ulike øltypene deres som er laget med tradisjonelle bryggemetoder og undergjæring. Spesielt for Fjellsportfestivalen serveres Vågal brygg og festivalens eige Sogndøl.

Det er kun 40 plassar på Ølsmakinga, så her er det førstemann til mølla! Bestill din plass i lenka under.

Du må være over 18 år og ha festivalpass til Fjellsportfestivalen 2019 for å delta på kurset.

Velkomen til ølsmaking med Balder!

View Event →
Foredrag med Melissa Brandner
Feb
23
7:00 PM19:00

Foredrag med Melissa Brandner

For to år siden tok Melissa ei avgjersle om å delta i Noregscupen for frikjøyring, og dette starta ei usannsynleg endring i hennar liv. Ho gjekk frå å væra ei doktorgradstudent til å produsera snøbrettfilmar og kjøyra med dei beste frikjøyrarane i verda. Melissa vil dele hennar forteljing om å ha mot til følgje sine drømmer. Det kan lønna seg så lenge ein klarar å komme igjennom feilsteg, turar i ambulanse og tomme lommer.

View Event →
Foredrag med Erik Sveberg Dietrichs
Feb
23
6:00 PM18:00

Foredrag med Erik Sveberg Dietrichs

Skjermbilde 2019-01-30 kl. 08.05.19.png

På livets grense - Hvordan kroppen takler ekstrem natur.

Menneskekroppen er tilpassa eit liv i tempererte områder, i høyde med havoverflaten. Der er det lettast å oppretthalde ein stabil kroppstemperatur og få i seg tilstrekkeleg oksygen. Men mennesket er ein ekstremt tilpasningsdyktig skapning. Store folkegrupper har bosatt seg i ekstreme omgjevnader. Ekspedisjonar tar turen til toppen av Mount Everest og overvintrar i Antarktis. Me ferdas i områder vi eigentleg ikkje burde tåla.

Kva skjer i kroppen når den blir utsatt for ekstrem høyde og kulde? Korleis tilpasser me oss og overlever under slike forhold?

Erik Sveberg Dietrichs (f. 1985) er oppvaksen i Asker. Han flytta i 2005 til Tromsø, der han utdanna seg til, og nå jobbar som lege og forskar. I 2015 avla han sin doktorgrad ved verdas nordligaste universitet.

View Event →
Bula og Kari traa Presenterer: «Bula Pond Skim»
Feb
23
2:30 PM14:30

Bula og Kari traa Presenterer: «Bula Pond Skim»

Laurdag 23 Februar er det duka for Bula pond Skim Challenge i Rindabotn!

«Skim across the pond» vil seie å køyre ski, snowboard e.l over ein dam på raskast mogleg måte. Med maksfart kjem du deg lettast over vatnet, så det er berre å stålsetta seg for ei fartsfylt konkurranse! Hopp på brettet, spenn på deg skidna eller kast deg på akebrettet. Din raskaste farkost vil gje deg moglegheita for å sikre deg raoe premiar! Og har du ei snasen kostyme på deg, er vinnersjansene enda større.

Det vil kåres tre vinnarar:

  1. Mest kreative måte å komme seg over dammen på.

  2. Beste kostyme.

  3. «Snorkelprisen» - Best slam!

Me sjaoast på vinterens raoaste event!

View Event →
Skryting og lyging med Magnar Musum
Feb
22
10:00 PM22:00

Skryting og lyging med Magnar Musum

Livet som skiboms

Ølbrygging, dumpsterdiving, eit skuleår ute, uteliggar som romkamerat, askeladden-jakt i Canada, hengekøye i Revy og bobblebad i Whistler er bare nokon av tingene Magnar har opplevd i sitt liv som skiboms.

STAD: Fjørasalen (på hotellet).

Foto: Hans Frederik Bjarkøy, Derute

View Event →
POW: Den siste Alpeturen?
Feb
22
7:00 PM19:00

POW: Den siste Alpeturen?

Bilde1.png

I januar i år reiste eg og fem kompisar til Alpane, men til tross for ein heil månad med fantastisk pudderkøyring lurer eg på om dette vart min siste alpetur. Eventuelt om eg må ta grep før eg skal begi meg ut på ein slik tur igjen.

 

For kva har eigentleg ein alpetur å seie for mitt klimagassutslepp? Kva kan eg gjere for å redusere dette utsleppet og kan eg eventuelt ta grep i kvardagen for å kompensere for ein slik tur?

 

Foredragshaldar: Ørjan Kongsvik Aall, sogning, grunnleggar av POW Norge og klimarådgivar i Sweco.

 

View Event →
Jens Kristian Kvernmo - Et Vilt Liv
Feb
22
6:00 PM18:00

Jens Kristian Kvernmo - Et Vilt Liv

Ansikt Jens edit (1 of 1)-2.jpg

La deg inspirera av Jens sine eventyr!

Jens Kristian Kvernmo er lidenskapeleg jegar og friluftsmann. Han er mannen bak NRK-suksessen «Vinterdrømmen», vinnar av reality-serien «Alene» på TV2 og i 2017 blei han kåra til årets villmarking! I januar er han på nytt aktuell med eigen serie på NRK, og i februar kjem han til Fjellsportfestivalen. Dette lyt du ikkje gå glipp av!

Foredraget vil handla om forrige vinters ekspedisjon - ein 3 månadar lang hundespanntur i frå Finnmark til Trøndelag. Gjennom foto og film gir Jens Kvernmo publikum uforglemmelege historier og skildringar av både menneske og natur. Når me i tillegg får eit innblikk i «einstøingens» damejakt og selvransakelsar, blir dette eit foredrag som vekslar mellom nærheit, storheit, ensomheit og fantastiske naturopplevingar.

Jens har bakgrunn i frå Forsvaret som skarpskyttar og har vore totalt 6 månadar i operativ teneste i Afghanistan. Han er også tidligare rifleskyttar med 4 NM gull og flere deltakingar i internasjonale meisterskap

Stemningsgaranti!

View Event →
Fjellpitch - ein idékonkurranse for gründerar og driftige folk
Feb
22
7:30 AM07:30

Fjellpitch - ein idékonkurranse for gründerar og driftige folk

FB-event cover photo.jpg

Er du gründer eller har ein god idé? Er du glad i friluft, fjell og snø? Då bør du sikte mot Fjellpitch!

Fjellpitch er ein idékonkurranse for gründerar og driftige folk. Som deltakar får du Festivalpass til Fjellsportfestivalen 2019, kontorplass i gründermiljø under festivalen, pitchetrening i forkant av konkurransen og ein gåvepakke med innhald frå lokale aktørar. Om du verkeleg imponerar dommerane har du moglegheita til å vinne 20 000 kroner, 20 timar med rådgjeving i forretningsutvikling, kontorplass i gründermiljø Festivalpass til Fjellsportfestivalen 2020, helgepass i Sogndal Skisenter Hodlekve og eit sesongkort til Sogndal Fotball. Til saman ein verdi på heile 57 000 kroner!

Prisen for å delta er 550 kroner, og det er begrensa med plassar! Søknadsfrist er 14. februar 2019.

View Event →
Halvor Mære - En fjelltur utenom det vanlige
Feb
21
8:00 PM20:00

Halvor Mære - En fjelltur utenom det vanlige

Det er ikkje alltid ting går som planlagt på tur. Halvor Mære og kompisen hans har fått kjenne på korleis det er når det meste ikkje går som planlagt. Slikt vert det gode historier av! Halvor Mære kjem til Fjellsportfestivalen for å fortelje om sitt eventyr i forsøket på å nå toppen av det høgaste fjellet i Iran.

I forbindelse med en lengre reise i Europa og Asia tilbringer Halvor Mære, sammen med kompis Sindre Cottis, en måned i Iran. 

På slutten av dette oppholdet bestemmer de to guttene fra Hedemarken seg for å gjøre et forsøk på å bestige Irans høyeste fjell, Mt. Damavand (5671 moh). De blir med en gjeng lokale eventyrere og legger i vei. Naturlig nok går lite som planlagt og turen kan kort beskrives med disse stikkordene: Organisering på Iransk vis, dårlig utstyr, Dimmu Borgir, syk «guide», feil rutevalg, pensjonistmøte, forsvunnet gruppemedlem, plutselig mørke og iherdig innsats for å rekke et morgenfly til India. 

Det ble uten tvil en fjelltur helt utenom det vanlige, noe som har ført til en fartsfylt og morsom historie for ettertiden. I tillegg til å være et foredrag om en topptur, så er dette også en historie om et fantastisk Iransk folk og en gjestfrihet som ikke kan måle seg med noe annet.

Halvor.JPG
Halvor2.JPG

STAD: Fjørasalen (på hotellet).

View Event →
Monica Hundseid - Vegen mot toppen av verda
Feb
21
7:00 PM19:00

Monica Hundseid - Vegen mot toppen av verda

IMG_0940.JPG

Klipp, bilder og visuelle forteljingar fra verden over med mål å krysse isbrear, landegrenser og bestige hvitkledde fjell. Moa Hundseid besteig Mt. Everest som Norges yngste våren 2018, og nå med tittelen Norges yngste, 5 yngste kvinne i verden. Ho ynskjer å formidla turglede frå vestlandet men også verda over på ski og stegjern! Hennar motto er å leva livet med store flokar i håret og med eit stort glis som formar hennar solbrune kinn, lykken blandt høgfjell og vidder! Og ein bobblande eventyrlyst! 

Merittar:

2013

  • Jorda rundt - besøka alle de sju kontinenta. 

2014: 

  • Kryssa Grønland på ski over innlandsisen, 600 km.

  • Norge på langs til fots, 3000 km 

2015:

  • Kryssa nordisbreen i Patagonia, Chile. kjend for sin utilgjenglighet, ekstrem ver og sitt ville isbrelandskap.

  • Kryssa Havana Beach på Cuba på ski. Verdens første kryssing av Havanna Beach på ski. 

  • Levde som hundekøyrar i villmarka i Alaska, USA. 

2016: 

  • Kobuk River med ski og pulk på langs i Alaska. 400 km gjennom inuittkultur og 50 minusgrader med rovdyr som kulisser. 

  •  Guidet ei Internasjonal gruppe for Børge Ousland Explorations over Grønland. 600 km.

  • Vandra i Himalayafjella i Nepal åleine med all utstyr i sekken på 30 kg. Avslutta oppholdet med eit toppbesøk på island peak 6189 moh. 

2017

  • Laga ein ny tur for selskapet Børge Ousland Explorations, ein tur over Nordvest passasjen. 400 km gjennom isbjørnland, pakkis, og rått landskap! 

  • Elbrus, Kauakasus, Russland. Europas høgaste fjell. 5640 moh. 

  • Manaslu, Nepal 8163 moh. 

 

2018

  • Island Peak 6189 moh, Nepal 

  • Mount Everest 8848 moh, Nepal 


Foredraget er sponset av Sparebanken Vest

View Event →
På død og liv - norsk fjellredning fra innsiden
Feb
21
6:00 PM18:00

På død og liv - norsk fjellredning fra innsiden

STAD: Sogndal 1 og 2 (på hotellet).

Så lenge tindesporten har eksistert har klatrere hjulpet hverandre når uhell skjedde. Det som i utgangspunktet var hjelp til selvhjelp, har utviklet seg til å bli en viktig samfunnsressurs. Når ulykker skjer i bratte fjellvegger er frivillige klatrere de eneste som kan hjelpe.

Boka På død og liv er skrevet av Ture Bjørgen, som har vært med i Rogaland Alpine Redningsgruppe helt fra starten for 25 år siden. Disse klatrerne har opplevd det aller meste, fra spektakulære operasjoner med lykkelig utgang og kongens fortjenestemedalje til dyp fortvilelse over å hente sine egne døde kamerater ned fra fjellveggen. På død og liv inneholder intense beretninger om disse aksjonene og trekker samtidig linjene tilbake til starten av norsk fjellredning for mer enn 100 år siden. 

Den erfarne klatraren og redningsmannen Ture Bjørgen har brukt to år på å skrive boka På død og liv. No kjem han til Fjellsportfestivalen for å fortellje si historie frå innsida.


«Ture har skrevet en sterk bok om denne viktige delen av fjellredningsarbeidet, hvor de alpine gruppene er klatremiljøenes viktigste bidrag til samfunnet, og hvor redningstjenesten i Norge er helt avhengig av den spesialiserte kompetansen som gode og trente klatrere i samarbeid med redningshelikoptre kan gi.»

Geir Arne Bore, Borebloggen


«Denne boken er imponerende velskrevet og viktig. Et historisk blikk på fjellredningens historie i Norge, men samtidig en sterk, personlig fortelling fra innsiden av det den alpine redningsgruppen i Rogaland. Kameratskap, lidenskap for fjellet, ansvarsfølelse, dramatiske operasjoner, tragediene som rammet dette miljøet så ufattelig hardt, sorgen, tvilen, ettertanken. 

Sjelden jeg har lest en fjellbok som har gjort sterkere inntrykk. Boken er etterrettelig, men med nerve fra første til siste side. Den er skrevet med et nærvær som er sjelden i fagprosa. Tror mange mennesker trengte at denne historien ble fortalt, og når den først skulle fortelles gjør Ture Bjørgen skrivejobben på mesterlig vis.»

Anders Waage, tidligere redaktør i Fri Flyt


View Event →
Bruktmarknad
Feb
21
4:00 PM16:00

Bruktmarknad

51682660_10157191376209928_7717016354905128960_o.jpg

STAD: la Pergola (på hotellet).


Bli med på friluftsliv-bruktmarknad under Fjellsportfestivalen 2019! Alle er invitert - også dykk som ikkje har festivalpass. Som friluftsmenneske har vi eit ansvar for å bevare naturen vi ferdast i. Her har du ein gylden moglegheit til å handle friluftsutstyr du treng utan dårleg samvittigheit!

Marknaden finn stad 21. februar kl. 16.00-19.00 på La Pergola ved Quality Hotel Sogndal. For dykk som ikkje har moglegheit til å komme, kan vi selje utstyret for dykk til prisar de sjølv bestemmer. Vi skal ha ein innsamling på Høgskulen torsdag den 14. kl. 10.30-13.30, og ein på hotellet fredag den 15. kl.15.00-20.00. Det vil også vere mogleg å levere utstyr til oss på hotellet frå klokka 12 på onsdag i festivalveka.

View Event →
Høgdehopp i quarterpipen!
Feb
21
1:00 PM13:00

Høgdehopp i quarterpipen!

rakkarferdig (10 of 39).jpg

På tide å varme opp til høgdehopp! Torsdagens konkurranse i Rindabotn skal nemleg føregå på quarterpipe, og målet er enkelt: Hopp høgast mogleg! Det vil vera eit svært kvalifisert dommarpanel til stades som med kirurgisk presisjon skal kåra ein vinnar frå sin posisjon i dommar-liften. Møt opp og ta sats! Paika tuppadn baint ne vait eg!

View Event →
Avlyst! Sogndal Freeride - Noregscup
Feb
21
9:30 AM09:30

Avlyst! Sogndal Freeride - Noregscup

C80B1431.jpeg

Dao braka da snart laust før ein ny fjellsportfestival og freeride konkurranse. Sogndal freeride arrangerast som i fjor i samband med fjellsportfestivalen. Mi satsa pao at mi e heldige me været i aor og, slik at mi kan fao ein raoe freeride konkurranse i 2019!

Akkurat so i fjor kan mi lova ei veka i Sogndal me folkefest, mykje goe skikjøyring i Norges beste pudder og ekta skiglede i heile bygdi.

Info:

Fjellsida til årets konkurranse er enda ikkje satt, men vil være ei fjellside i Sogndaladalen som står til snøforholda og den aktuelle skredfaren under arrangementet. Me prøve også å finna ein side kor det logistikk messig Ikkje skal vere så vanskeleg å ta seg frem til fjellsiden. Info kjem ut så raskt det er mogleg.  

Konkurransen er satt opp torsdag 21. februar, men fredag (22.), laurdag (23.), søndag (24.) blir satt opp som værdagar. Det blir også lagt opp til kjørermøte kvelden før konkurransen onsdag 20. februar.

  • Rennleiar: Henriette Landro, henriettelandro@hotmail.no

  • Festivalpasset er sjølvsagt inkludert i påmeldingsavgifta og i tillegg får du rabatterte priser på Qulity hotell Sogndal som er plassen der all morroa skjer. Bruk rabattkoden FJELLSPORTFESTIVALEN2019 når du bestiller rom, så får du ein god pris. Bestill rom her.

  • Det er også i år lagt opp til å kunne kjøpe 3 dagers heiskort for rabbatert pris i tillegg til påmeldingsavgift. Denne pakken vil ligge under egen klasse og koste 2200kr. 

Festivalpasset inkluderer: 

  • Delta gratis på alle føredrag og konsertar på hotellet - På kveldstid skjer det mykje spanande på hotellet, og har du festivalpass kjem du gratis inn på alle foredrag og konsertar under festivalen.

  • Gratis inngang på afterski - Som seg hør og bør arrangerer me heidundrande afterski både fredag og laurdag. Som eigar av festivalpass går du sjølvsagt gratis inn.

  • Delta gratis på konkurransar -  Med festivalpass kan du også melde deg på alle dei andre konkurransane i regi av festivalen utan kostnad. 

  • Gratis bussreise til og frå Rindabotn (skitrekket) - Det går buss frå Quality hotell Sogndal til Rindabotn med jamne mellomrom kvar festivaldag, som også returnerer til hotellet fleire gonger om dagen. Sjå rutetider her 

  • Gratis aktivitetar i Rindabotn - I Rindabotn blir det liv og røre kvar dag under festivalen. Mange leverandørar tek turen, og du får moglegheita til å prøve det aller nyaste utstyret. Til og med det som ennå ikkje er for sal! I tillegg blir det mykje anna moro i Rindabotn, med leikar, uhøgtidelege konkurransar, musikk og eit yrande liv.

  • Gratis bussreise med pudderekspressen i Sogndalsdalen - Køyrer du ski i Hodlekveskogen og endar opp på riksvegen so kjem det ein buss og plukkar deg opp og køyrer deg tilbake til skitrekket. Pudderekspressen heiter den, og den går so lenge trekket er ope.

  • 20% rabatt på dagskort i Sogndal Skianlegg Hodlekve (Rindabotn) - Vis fram festivalpasset ditt i skranken når du kjøper ditt heiskort i Hodlekve

  • Moglegheit til å kjøpe guida turar og kurs til spesialprisar - Fjellsportfestivalen samarbeider med Bre og Fjell, som er spesialistar på kurs og føring innan fjellsport. Alle turar og kurs vert leia av erfarne fjellguidar. Med festivalpass får du kjøpt turar og kurs til sterkt rabatterte prisar i høve originale prisar.

  • Moglegheit til å kjøpe deg plass på andre interessante og lærerike kurs under festivalen. - Det er ikkje bere foredrag og konsertar på festivalhotellet på kveldstid. Det blir og mogleg å melda seg på fleire spennande kurs.

Om du trenger overnatting får du rabatterte priser på Qulity Hotell Sogndal som er plassen der all moroa skjer på kveldstid. Bruk rabattkoden FJELLSPORTFESTIVALEN2019 når du bestiller rom, så får du ein god pris. Bestill rom her.


View Event →
Stand-up med Dag Sørås og Lars Petersen
Feb
20
9:00 PM21:00

Stand-up med Dag Sørås og Lars Petersen

Dag Sørås

Hardtslåande, utfordrande, kunnskapsrik og radikal. Legg til fantastisk morosam så har du Dag Sørås.

Sidan sin første opptreden i 2002 har Dag, med sin kompromisslause og ærlege stil, bygd seg opp til å bli ein av dei mest nyskapande, produktive og suksessrike komikarane her til lands. Dette gav han Komiprisen for Årets nykommar i 2007 og Stå-opp prisen i 2012, ein pris har også har vært nominert til tre ganger tidlegare.

Dag har også gjort stor suksess i soloshowa “D-Dag Live” (2011), “Kognitiv Dissonans” (2014) og “Ekkokammer” (2016). Alle tre førestillingane hausta lovord frå både presse og publikum. Sistnemnde sikra han prisen “Årets Stand-up komikar” under Komiprisen 2016.

Kjenneteikna til Dag på scena er brutal ærligheit, både ovenfor seg sjølv og sitt liv, men også mot verda rundt seg. Med dagsaktuelt og samfunnssrefsande materiale er han nok ikkje eit soleklart førsteval for eit firma som er glad i rød nese og parodiar, men for dei som blir med inn i hans univers er han skarp, givande og veldig morosam.


Lars Petersen

Lars Petersen har dei siste åra jobba seg inn og opp i det norske humormiljøet med ein sjølvironisk og til tider mørk humor.

Han har stått på scener over heile landet og varma opp for Dag ved fleire anledningar.


Lars kjem frå Wesenlund sin heimstad, Horten.

View Event →
Fjellsportkviss
Feb
20
7:30 PM19:30

Fjellsportkviss


IMG_6445.jpg

Me sparkar i gang festivalen med Fjellsportkviss! Ta turen og bli med på ei spørjetevling av den gamle skulen. Det blir spørsmål om alt frå hovudstader til fjellsport og afterski. 

Kvissleiaren, Hallvard Bjørge, har erfaring fra spørjetevlingar over det ganske land.  Han har vunnet det som kan krype og gå av lokale variantar, og kan skilte med sigrer frå både Meieriet, Cafe Krydder og Dampskipkaia. 

View Event →
Andreas Vold - Fanga i Skredet
Feb
20
6:30 PM18:30

Andreas Vold - Fanga i Skredet

AndreasVold_Skredet.png

Andreas låg seks timar halvvegs begravd i eit snøskred. Seks timar åleine i fjellet. Seks timar i mørket, i kulden. Ein seks timar lang  innbitt kamp for å overleve.

Høyr Andreas Vold fortelle si sterke, gripande og sjølvopplevde historie, fortalt av han sjølv. Bli betre kjent med han som trudde han var udødelig. Kor brått og brutalt livet snur heilt om. Bli betre kjent med den dramatiske redningsaksjonen.

Me i Fjellsportfestivalen er utruleg stolte og audmjuke over å kunne presentere  den sterke historia til Andreas Vold. Eit foredrag om kampen for å overleve. Kva skjedde. Kvifor skjedde det. 

Andreas vel å dele si eiga historie nettopp fordi han håpar den kan bidra til andre kan lære av den.  Dette er Andreas sitt bidrag til alle vi andre bør tenke oss om, gjer sikre vegval, bruke hovudet. 

Om du er heilt ny eller den som er mest garva på ferdsel ute i vinterfjellet, så har du noko å lære her.  Sjeldan har du fått ei så beint fram ærleg historie servert rett frå hjartet. Ei sterk historie til ettertanke.

View Event →