Filtering by: Festival

Barnas dag i Rindabotn med 4H og Røde Kors
Feb
24
11:00 AM11:00

Barnas dag i Rindabotn med 4H og Røde Kors

p.jpeg

I tradisjonen tru vert det også i år barnas dag i Rindabotn. Både 4H og Røde kors stiller med mykje leik og moro! Kjernen 4H sine ungdommar vil bidra til meistring og moro i Rindabotn. Me tek med litt "Farmen"-leikar og utfordrar til idealtidsløype med ski! 

I 4H lærer man ved å gjere, og det er det du kan få vera med på hvis du kjem til Rindabotn denne dagen!

Me er på plass i Rindabotn frå kl 11-15, og håpar at så mange som mogleg tar turen opp til Rindabotn og blir med på moroa!

View Event →
Den store fjellsportfesten
Feb
24
12:00 AM00:00

Den store fjellsportfesten

2018.02.22-Fjellsportfestival-Afterski-012.jpg

På laurdag gir me gass på SOHO!

Etter at Kokken Tor har gitt oss 2 timar med det beste av norsk rock, så avlsuttar me festivalen med ein heidundrande fest på SOHO. DJ syter for heftige rytmar, og om du ikkje kjem i festhumør denne kvelden så gjer du det aldri. Ta deg ned på SOHO og bli med på moroa.

View Event →
Konsert med Kokken Tor
Feb
23
to Feb 24

Konsert med Kokken Tor

nyfront2 copy.jpg

Kokken Tor kjem til Songdal og har lova 2 timar med fullt trøkk. Dette blir ein høydare du ikkje lyt gå glipp av. Dei er eit av Noregs mest populære og etterspurte band til å presentere norsk rock på norsk.  Kokken Tor besøkte Duehuset på nøyaktig samme tidspunkt i fjor, og fylde teltet til randen av norskrockelskande publikum!

Kokken Tor er eit norskrock coverband. Med eit repertoar som består av det absolutt beste innan norske rockeslagerar, fangar dei publikum i si hule hand og tek dei med på ein hardtslåande hitkonsert med låtar frå Dum Dum Boys, deLillos, Jokke og Valentinerne, CC Cowboys, Ingenting og Postgirobygget m. fleire. Bandet består av musikarar med bakgrunn frå mange år på vegen i forskjellige band. I tillegg til eit energisk sceneshow er Kokken Tor kjend for å gje det dei har for at lokalet skal koke opptil fleire gongar før arrangøren kuttar straumen!

Bandet har de siste årene jobbet seg opp et rykte for å være det "galneste" og "råeste" norskrock partybandet som ruller langs norske veger.

View Event →
Turtorg - tips og triks for morgondagen
Feb
23
7:00 PM19:00

Turtorg - tips og triks for morgondagen

turtorg.JPG

På turtorget får du turtips, vêr og skredvarsel og kan nyte godt av lokal kompetanse frå våre tindeveglederar!

Turtorget har oppdaterte ver- og skredvarsel, du kan kikke på karta over Sogn og planlegge turen din.

Fjellsportfestivalen ønskjer at dette skal være eit tryggleikstiltak som me vonar mange velger å benytte seg av. Har du spotta ei kul side som du gjerne vil diskutere eller planlegg ein tur i ukjent område neste dag? Lurer du på korleis snøforholda har endra seg i Sogndalsdalen i løpet av vinteren? På Turtorget får du svar.

Leik trygt - tryggleik!

STAD: lobbyen (på hotellet), mellom 19.00-20.30

View Event →
Møt sponsorane våre
Feb
23
6:30 PM18:30

Møt sponsorane våre

PL1A6985-1.jpg

Fjellsportfestivalens sponsorar kjem til å ha stands i lobbyen på hotellet under heile festivalen.

På torsdag, fredag og laurdag frå klokka 18.30 til 21.00 vil det i tillegg til den hyggelege bemanninga på standsa, vere gode tilbod, nye kolleksjonar, konkurransar samt høve til å gjere nokre verkelege gode avtalar!

View Event →
Bula Beanie Boogie
Feb
23
3:30 PM15:30

Bula Beanie Boogie

BBB_SOGNDAL_A3.jpg

It´s party time! And we want to know, are you Houdini or maybe a dreamy genie, perhaps a teeny weenie or a girl in a Bikini? Well, just don’t be a seamy meanie. But it doesn’t really matter as long as you wear a beanie!

Du er invitert til Bula beanie boogie! Ei unik after ski oppleving til ære for The Bula Beanie. Du vil bli servert glovarme beats av Øyvind Larsen som matcher din rykande ferske beanie. Du hugsar kanskje Øyvind Larsen frå fjorårets afterski på Dampskipkaien, der han laga så høg kok at brannalarmen blei utløyst.

Alle får gratis luer, så det er ingen unnskyldning for å ikkje kunne delta.

Dalalåven åpner for boogie lørdag 23 februar kl. 15:30-18:30.

(18 års aldersgrense)
STAD: Dalalåven (Sogndal Skisenter)

View Event →
Kari Traa  feriar alle jenter, kviger, damer, tauser og budeier!
Feb
23
2:00 PM14:00

Kari Traa feriar alle jenter, kviger, damer, tauser og budeier!

Elias huse 2(1).jpg

Me heiar på alle jenter, kviger, damer, tauser og budeier der ute! For å feria dere alle inviterer me dykk til å skli innom Kari Traa sitt ski-in(nom) telt på vegen til Bula Beanie Boogie og bli lykkeleg på bobler.

Om du av det mannelige kjønn kjennar at jento i deg pirrar er du hjarteleg velkommen til å skli – in(nom) teltet du også!

Du blir garantert sprudlande glad til Bula Beanie Boogie!

(18års aldersgrense.)

View Event →
Arena Rindabotn opnar
Feb
23
11:00 AM11:00

Arena Rindabotn opnar

Elias+huse+2.jpg

Rindabotn i Sogndal skisenter er arenaen for aktivitetar på dagtid. Her vil det vere konkurransar, mat og mykje moro for små og store. Om du vil delta i aktivitetane, vere publikum eller berre nyte ein matbit er opp til deg. Kom hit for å få den gode vinterfestivalkjensla!

Følg med på vår heimeside og facebookside om dei ulike arrangementa som skjer i Rindabotn. Her blir det stadig planlagt meir moro. Ilag med våre samarbeidspartnarar kan me love deg ein flott og innhaldsrik Fjellsportfestival i Sogndal Skisenter!

Kafè Krydder

Kafè Krydder syter for god mat og drikke i Kafè Laussnø i Rindabotn. Forutan obligatorsik solbærsirup og syltetøy frå Lerum vert det også kortreist mat frå lokale produsentar. Her vil du finne viltburger og gode pølser frå Haugen Gardsmat, gjærbakst frå Lustrabui, lokalprodusert juice frå Eplet Bed & Apple og Frigard, heimelaga gulasjsuppe og betasuppe, kaffe, brus og sjokolade, brownie, snickerskake mm. Kafè Laussnø har kortterminal og vert open torsdag-laurdag i opningstida til skisenteret.

Det vert god stemning i Rindabotn så ta turen innom!

View Event →
Skidemo i Rindabotn
Feb
23
11:00 AM11:00

Skidemo i Rindabotn

2016-02-19-20-05-43.jpg

Det er klart for ein av Noregs aller største skiutstyrsdemoar i Rindabotn! Mellom kl 11.00 og 15.00 vil våre mange ski- og utstyrsleverandørar stille med mykje spanande demoutstyr som du kan prøve i Rindabotn. Har du nokon gong lurt på kva som egentlig er skilnaden mellom ei ski med mykje eller lite innsving, eller ei brei og ei smalare pudderski? På våre sponsorstans er det mogleg å teste begge deler i løpet av dagen.

Sweet Protection - Kari Traa - Bula - K2 - Atomic - Völkl - Dynafit - Åsnes - SGN - Blizzard - Fisher - Black Crows

View Event →
Laussnøyoga
Feb
23
8:30 AM08:30

Laussnøyoga

STAD: Fjørasalen (på hotellet).

Få ein roleg start på festivaldagen med laussnøyoga med instruktør Anine Brudeseth. Timen passar for absolutt alle, og kanskje særleg for stive skikøyrarar! Øvelsane er enkle med fokus på bevegelighet, styrke og balanse. Vel møtt! Møt opp i Fjørasalen på hotellet og bli med.

View Event →
Fest på Soho med den originale DJ Dan
Feb
23
12:00 AM00:00

Fest på Soho med den originale DJ Dan

DJDAN1.jpg

DJ Thomas Giebelhausen spelar både på afterski og på SOHO ca kl 00:00.

Thomas er den originale DJ Dan som blir parodiert av Morten Ramm i Torsdagskveld fra Nydalen. Det er hjå Thomas at Morten Ramm har henta sin inspirasjon til karakteren. Er det likskap eller ikkje? Bedøm sjølv!

Thomas er resident DJ på Stavkroa i Hemsedal kvar vinter. Få eller ingen har meir erfaring med afterski enn denne legenden. Han er en av Norges mest ettertrakta DJ på grunn av sin karakteristiske spelestill og framferd der han aktivt brukar mikrofonen til å spreie stemnings-skapande bodskapar. Thomas svergar til sine cd-plater – dei er heilage for han. Han elskar god partymusikk og «god kok» på dansegolvet.

Vi garanterer at du får ein DJ som brukar heile seg sjølv og mikrofonen for å skape «God kok». Vi gler oss massivt til lyden av  denne koken.

STAD: SOHO (på hotellet).

View Event →
Konsert med Tyyl!
Feb
22
11:00 PM23:00

Konsert med Tyyl!

tyyl1.jpg

Rockeelskarar!

Den 22. februar er det slåande og spenstige rockebandet TYYL! klar for å ta heimbygda med storm på

Fjellsportfestivalen. Tre år og ein haug med ungar etter førre konsert, plantar karane føtene i grusen

utanfor Sogndal Hotell. Eit band som vil stå som ei furu i den norske rockefloraen; på skrinn jord,

med kraftige røter, stikkande nåler, duftande kvae og ei usymmetrisk krone. Mest truleg frå ein

fjordarm - litt oppe i høgda for å få utsyn - kjem bandet med bitande lyrikk på syngjande sognemål og

melodiar so melodiøse at sjølv salmeboka bleiknar. Platene dei har på samvitet er heil ved, og både

bestemødre, trailersjåførar, ungpiker frå hovudstaden og vonbrotne menn syng med på låtane som

er spekka med frustrasjon, aggresjon, mot, sårbarheit og glede på ekte Sognamål! No har TYYL! nett

vore i Nabolaget Studio i hovudstaden! Plata som kjem utpå våren ber bod om tapt kjærleik,

midtlivskriser, kvinnfolk, dynamitt, sprit og alt anna som høyrer livet og døden til. Dersom du ikkje

har skaffa deg billett til denne kvelden er du truleg for seint ute allereie. Skadding.

STAD: Sogndalssalane (på hotellet).

View Event →
Turtorg - tips og triks for morgondagen
Feb
22
7:00 PM19:00

Turtorg - tips og triks for morgondagen

turtorg.JPG

På turtorget får du turtips, vêr og skredvarsel og kan nyte godt av lokal kompetanse frå våre tindeveglederar!

Turtorget har oppdaterte ver- og skredvarsel, du kan kikke på karta over Sogn og planlegge turen din.

Fjellsportfestivalen ønskjer at dette skal være eit tryggleikstiltak som me vonar mange velger å benytte seg av. Har du spotta ei kul side som du gjerne vil diskutere eller planlegg ein tur i ukjent område neste dag? Lurer du på korleis snøforholda har endra seg i Sogndalsdalen i løpet av vinteren? På Turtorget får du svar.

Leik trygt - tryggleik!

STAD: lobbyen (på hotellet), mellom 19.00-20.30

View Event →
Møt sponsorane våre
Feb
22
6:30 PM18:30

Møt sponsorane våre

PL1A6985-1.jpg

Fjellsportfestivalens sponsorar kjem til å ha stands i lobbyen på hotellet under heile festivalen.

På torsdag, fredag og laurdag frå klokka 18.30 til 21.00 vil det i tillegg til den hyggelege bemanninga på standsa, vere gode tilbod, nye kolleksjonar, konkurransar samt høve til å gjere nokre verkelege gode avtalar!

View Event →
Systova
Feb
22
5:00 PM17:00

Systova

Har du hatt eit uheldig møte med eit tre i skogen? Eller har du kanskje vrikka litt for mykje på hoftene på Dalalåven? Fortvil ikkje, systova er til for deg som ikkje har ei nevenyttig bestemor i nærleiken! Det du leverar inn kan du hente ut på same stad i morgon.

Meir informasjon kjem!

View Event →
Afterski med DJ Thomas Giebelhausen (den originale DJ Dan)
Feb
22
3:30 PM15:30

Afterski med DJ Thomas Giebelhausen (den originale DJ Dan)

DJDAN1.jpg

Er du klar for tidenes første afterski i Dalalåven? Dett blir garantert ein høydare og noko du ikkje vil gå glipp av. Denne dagen er det ikkje skal-bekledning som er motebiletet når vibbane av 90-talet tek over Dalalåven. Finn fram dine eldste, beste skiklede, og la nostalgien strøyme fritt til lyden av Noregs kanskje mest kjende afterski-DJ.

Thomas er den originale DJ Dan som blir parodiert av Morten Ramm i Torsdagskveld fra Nydalen. Det er hjå Thomas at Morten Ramm har henta sin inspirasjon til karakteren. Er det likskap eller ikkje? Bedøm sjølv!

Thomas er resident DJ på Stavkroa i Hemsedal kvar vinter. Få eller ingen har meir erfaring med afterski enn denne legenden. Han er en av Norges mest ettertrakta DJ på grunn av sin karakteristiske spelestill og framferd der han aktivt brukar mikrofonen til å spreie stemnings-skapande bodskapar. Thomas svergar til sine cd-plater – dei er heilage for han. Han elskar god partymusikk og «god kok» på dansegolvet.

Vi garanterer at du får ein DJ som brukar heile seg sjølv og mikrofonen for å skape «God kok». Vi gler oss massivt til lyden av  denne koken.

DJ Thomas Giebelhausen spelar både på afterski i Dalalåven og på SOHO ca kl 00:00.

View Event →
Skidemo i Rindabotn
Feb
22
11:00 AM11:00

Skidemo i Rindabotn

2016-02-19-20-05-43.jpg

Det er klart for ein av Noregs aller største skiutstyrsdemoar i Rindabotn! Mellom kl 11.00 og 15.00 vil våre mange ski- og utstyrsleverandørar stille med mykje spanande demoutstyr som du kan prøve i Rindabotn. Har du nokon gong lurt på kva som egentlig er skilnaden mellom ei ski med mykje eller lite innsving, eller ei brei og ei smalare pudderski? På våre sponsorstans er det mogleg å teste begge deler i løpet av dagen.

Sweet Protection - Kari Traa - Bula - K2 - Atomic - Völkl - Dynafit - Åsnes - SGN - Blizzard - Fisher - Black Crows

View Event →
Arena Rindabotn opnar
Feb
22
11:00 AM11:00

Arena Rindabotn opnar

Elias+huse+2.jpg

Rindabotn i Sogndal skisenter er arenaen for aktivitetar på dagtid. Her vil det vere konkurransar, mat og mykje moro for små og store. Om du vil delta i aktivitetane, vere publikum eller berre nyte ein matbit er opp til deg. Kom hit for å få den gode vinterfestivalkjensla!

Følg med på vår heimeside og facebookside om dei ulike arrangementa som skjer i Rindabotn. Her blir det stadig planlagt meir moro. Ilag med våre samarbeidspartnarar kan me love deg ein flott og innhaldsrik Fjellsportfestival i Sogndal Skisenter!

Kafè Krydder

Kafè Krydder syter for god mat og drikke i Kafè Laussnø i Rindabotn. Forutan obligatorsik solbærsirup og syltetøy frå Lerum vert det også kortreist mat frå lokale produsentar. Her vil du finne viltburger og gode pølser frå Haugen Gardsmat, gjærbakst frå Lustrabui, lokalprodusert juice frå Eplet Bed & Apple og Frigard, heimelaga gulasjsuppe og betasuppe, kaffe, brus og sjokolade, brownie, snickerskake mm. Kafè Laussnø har kortterminal og vert open torsdag-laurdag i opningstida til skisenteret.

Følg med på vår heimeside og facebookside om dei ulike arrangementa som skjer i Rindabotn. Her blir det stadig planlagt meir moro. Ilag med våre samarbeidspartnarar kan me love deg ein flott og innhaldsrik Fjellsportfestival i Sogndal Skisenter!

Det vert god stemning i Rindabotn så ta turen innom!

View Event →
Laussnøyoga
Feb
22
8:30 AM08:30

Laussnøyoga

STAD: Fjørasalen (på hotellet).

Få ein roleg start på festivaldagen med laussnøyoga med instruktør Anine Brudeseth. Timen passar for absolutt alle, og kanskje særleg for stive skikøyrarar! Øvelsane er enkle med fokus på bevegelighet, styrke og balanse. Vel møtt! Møt opp i Fjørasalen på hotellet og bli med.

View Event →
Fjellsportbasar med Torbjørn Selseng
Feb
21
10:00 PM22:00

Fjellsportbasar med Torbjørn Selseng

PL1A1272(1).JPG

Bli med på god, gammaldags spenning under Fjellsportbasar!

STAD: Keiserinnen (på hotellet).

Basarleiar er Torbjørn Selseng, som kan love flotte premiar - utanom det vanlege. Basarsjefen sjølv driv pannebandmerket Bjøddn og lovar godbitar på løpande bånd. Spenninga står i taket, og her kan du reise heim med nokre verkelege kupp dersom du har lukka på di side. . 

Blei du nygjerrig på Bjøddn? Sjekk ut den fine heimesida.