Sogndal Freeride - Noregscup

Sogndal Freeride arrangeres samstundes som Fjellsportfestivalen. I år har festivalen 10 årsjubileum og har lagt opp til eit program som vil vere ein jubilant verdig. Så i tillegg til ein rå Freeride konkurranse i Noregs beste snø kan vi love ei veke i Sogndal med folkefest og ekte skiglede i heile bygdi. 

Festivalpasset er sjølvsagt inkludert i påmeldingsavgifta og i tillegg får du rabatterte priser på Qulity hotell Sogndal som er festival hotellet der all moroa skjer. For rabatterte priser på hotell ta kontakt direkte på mail: booking.sogndal@choice.no

Fjellsida til årets konkurranse er enda ikkje satt, men vil være ei fjellside i Sogndaladalen som står til snøforholda og den aktuelle skredfaren under arrangementet. Info kjem ut så raskt det er mogleg.

Konkurransen er satt opp på fredag 23.februar, men både torsdag (22.), fredag (23.), laurdag (24.) og søndag (25.) blir satt opp som værdagar.

  • Hoveddommer under Sogndal Freeride er Alexander Kristiansen.
  • Rennleiar: Henriette Landro, henriettelandro@hotmail.no
  • Påmeldingsavgift: 1500kr (inklusiv festivalpass)
  • Påmeldinga startar 12.desember klokken 12:00 og stenger 21.januar kl.00.00.  Ein komite vil fortløpande vurdere dei påmelde kandidatane. Lista er full når 60 kvalifiserte kjørarar er påmeld.

Påmeldinga skjer her:
https://www.deltager.no/participant/arrangement.aspx?id=222750

For meir informasjon angående festivalpogram gå inn på Fjellsportfestivalen.no